Me søkjer etter ein prosjektleiar for oppføring av nye kommunale bygg. Prosjektleiar blir underlagt kommunalsjef teknisk, i tett samarbeid med kommunedirektøren i prosjektet knytt til Tokke skule. 
Tokke kommune skal ruste opp skulen for omkring 100 mill og seinare er det større prosjekt som helsehus og reinseanlegg på Hallbjønnsekken. 

Arbeidsoppgåver:

  • Leia byggjeprosjekt mm.frå prosjektutvikling til prosjektering og bygging
  • Gjennomføra prosjekta i samsvar med avtalte mål og rammer (kostnad, tid, kvalitet og miljø)
  • Sakshandsaming
  • Sørgja for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Tekniske vurderingar og godkjenningar i alle fasar av eit plan- og byggjeprosjekt
  • Ansvar for planlegging og oppfølgjing av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansegrupper, ulike kommunale råd, med meir
  • Oppfølging av krav frå offentlege styresmakter
  • Foreta regelmessig rapportering av prosjektene
  • For øvrig delta i avdelingens/virksomhetens arbeidsoppgaver ved behov
  • Andre oppgåver kan bli tillagt i stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne som sivilingeniør/ingeniør bygg og anlegg
  • Føremon med erfaring frå, entreprenør, byggherre eller rådgiver
  • Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, det er ønskeleg at ein legger med ein cv som innehelder arbeidserfaringa, med relevante prosjekter (namn på Prosjekt, størrelse, ansvarsområdet arbeidsoppgåver) 
  • God økonomiforståing

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Utfordrende og spennende arbeidsoppgaver med store påvirkningsmuligheter
  • Interessante og utfordrende arbeidsoppgaver i en utviklingsorientert kommune
  • Faglig og personlig utvikling i et tverrfaglig miljø
  • Stillinga vil gje deg utvikling og utfordingar i trygge rammer
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Fleksitidsordning 
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for etter- og vidareutdanning 

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert, vise evne til å setje klare mål, ta initiativ og gjennomføre, vere fleksibel
  • Positiv og serviceinnstilt, gode samarbeidsevner
  • Nøyaktig og flink til å kommunisere både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef teknisk Arvid  Moen, telefon: 47 64 06 25, epost: [email protected] eller kommunedirektør Finn Arne Askje, telefon: 95 07 66 37, epost: [email protected]

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn her

Velkomen som søkjar!