Teknisk PLAN

 

Prosjektleiar – bulyst gjennom attraktive bustader

 

Vil du vere med å utvikle bustadmarknaden i Fjord kommune 2024 – 2025?

Vi søker prosjektleiar

Fjord kommune skal i gang med eit utviklingsprosjekt for å auke aktiviteten i bustadmarknaden, og for å oppretthalde folketal og bulyst. Hovudinstrumentet vil vere eit offentleg – privat utviklingsprosjekt med fokus på å avklare ulike behov for bustad, samt etablere eit «kundefokus» der ein eller fleire private aktørar samordnar behovet i kommunen inn i mot utbyggjarar.   

Det skal vere ei heilskapleg og omfattande satsing på etablering og tilpassing av bustader, og utforsking av ulike sentrumsnære bukonsept. 

Prosjektet skal utviklast i ein partnarskap mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.

Kort om stillinga

100 % stilling som prosjektleiar i perioden september 2024 – desember 2025. Det kan vere aktuelt med forlenging.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 04.08.2024
Arbeidsgivar: Administrasjon
Stad: Valldal
Stillingstittel: Prosjektleiar – bulyst gjennom attraktive bustader
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Engasjement
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4838054597
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.12.2025

Arbeidsoppgåver

Dagleg leiar for prosjektet, og skal sikre idear og framdrift
Utvikle prosjektinnhald, knoppskyting i delprosjekt
Utvikle finansieringsmodell
Innhente ekstern medfinansiering ved behov.
Koordinere aktivitet i prosjektet
Sekretær for styringsgruppe og arbeidsgrupper

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagområde som til dømes prosjektleiing, næringsutvikling eller lokalsamfunnsutvikling.
Erfaring frå samarbeid mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar
Erfaring med prosjektarbeid
Erfaring med digitale arbeidsverktøy
Kunnskap om kommunal forvaltning er ynskjeleg
Personleg eignaheit vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein initiativrik og innovativ nettverksbyggar som får jobben gjort.
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er systematisk og arbeidsam.
Vi tilbyr
Ein utfordrande og spennande jobb med fokus på utvikling og samarbeid
Lønn etter avtale og mulegheiter for fleksibel arbeidstid.
God pensjonsordning gjennom KLP
Kommunen er behjelpeleg med å finne husvære og arbeid til partner om det er aktuelt

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Olavsgata 10, 6210 Valldal, Norge

Kontaktinformasjon

Bjørn Inge Ruset, kommunedirektør
Telefon:  +47 926 41 926

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

 

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

  • Bjørn Inge Ruset
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: +47 926 41 926

Lokasjon

  • Valldal

Søknadsfrist

August 4, 2024