Osterøy – Wikipedia

Osterøy kommune Plan

Planleggar 100% fast stilling

 

Er du på jakt etter;

Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar?

Løn etter avtale og fleksibel arbeidstid?

I tillegg ei IA-bedrift med offentleg tenestepensjon

Osterøy kommune, ei av Nord-Europas største innlandsøyer har no ledig ein fast 100% stilling som planleggjar med oppstart etter avtale.

Stillinga er lokalisert på rådhuset i Lonevåg, og anten du bur på Osterøy eller på fastlandet er Lonevåg aldri langt unna. Frå Åsane brukar du ein snau halvtime og frå Arna er du framme på om lag 20 minutt med bil. Og køen går motsatt veg – både til og frå jobb! Om du nyttar Osterøybrua frå Arna eller om du nyttar ferjesambandet på Valestrand er opp til deg, her er moglegheitane mange.

Om du er den rette vert du ein av fire tilsette på planavdelinga, ei utviklingsorientert og strategisk avdeling i kommunen.

Kort om stillinga

Osterøy kommune står framfor ei utfordrande og spanande utvikling og sektor for samfunnsutvikling søkjer derfor etter ein dyktig og engasjert planleggar til planavdelinga. Avdelinga sitt ansvarsområde omfattar mellom anna overordna planarbeid, handsaming av private reguleringsforslag, prosjektarbeid innan miljø og klima, utarbeiding og oppfølging av offentlege planar mm. Vi jobbar tett på innbyggjarar, private aktørar, organisasjons- og næringsliv og folkevalde.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil gje moglegheiter til å arbeide med eit breitt felt av oppgåver som arbeid med reguleringsplanar og kommunale planar. Sentrale oppgåver vil vere dialog og samarbeid med private aktørar og deira konsulentar for å fremje planforslag til politisk handsaming, samt arbeid knytt til kommunale planar. Det vil óg bli lagt prosjektarbeid til stillinga.

Planavdelinga har som mål å bidra til utvikling og gjere Osterøy til den mest berekraftige kommunen å bu i. Vi søkjer deg som vil bruke deg sjølv og kompetansen din til å arbeide med dette og som vil være med på å utvikle Osterøy kommune vidare.

Kompetanse

  • Samfunnsfag, arkitekt, geograf, ingeniør eller liknande på min. bachelor nivå
  • Erfaring frå prosjekt- og prosessarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå sakshandsaming av planar og god kjennskap til plan- og bygningslova er ønskjeleg
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Grunnleggande kjennskap til IT- og kartverktøy

Vi ser etter deg med personlege eigenskapar som:

  • Er serviceorientert og har eit godt kundefokus
  • Er engasjert og har gjennomføringsevne
  • Er løysingsorientert og strukturert
  • Er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

 

Kontaktperson

Pelle Engesæter, leiar for Plan, tlf: 56192253 mob: 90240120, pelle.engeseter@osteroy.kommune.no

Vi tar sikte på å gjennomføre intervju i veke 39.

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad bes du ta kontakt med servicekontoret vårt på telefon 56192100.

 

Send søknad på stillinga her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 19.09.2022

 

Arbeidsstad: Rådhuset

 

Kontaktpersonar:

Pelle Engesæter

tlf: 56 19 22 53 mob: 902 40 120

 

Heimeside:
www.osteroy.kommune.no/
Adresse: Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering:
Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Osterøy kommune Plan

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna.

 

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kontaktinfo

  • Pelle Engesæter
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 56 19 22 53 mob: 902 40 120

Lokasjon

  • Lonevåg

Søknadsfrist

September 19, 2022