Plan, landbruk og teknisk
Plankonsulent klima og miljø, 100% fast stilling
Har du lyst å vere med i eit spanande og aktivt team på Plan, landbruk og teknisk i Gulen kommune? Me søkjer etter plankonsulent med klima- og miljøfokus, og med evner til god og effektiv sakshandsaming, samt god dialog med innbyggjarane. Stillinga er fast, med ynskje om oppstart 01.02.2024. Velkomen som søkjar til eit triveleg og godt arbeidsmiljø!
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.
Bakteppe
Gulen kommune er i rask utvikling, og eining Plan, landbruk og teknisk spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. På eininga vil du jobbe i hjartet av samfunnsutviklinga i kommunen, både gjennom planlegging og ved å gi nødvendige løyver til realisering. Fagområda i eininga er byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining. Me er ei gruppe på ti tilsette i eininga i dag. Me ynskjer ei eining der alle tilsette får innsikt i heilskapen i samfunnsutviklinga og breid fagkompetanse innanfor fleire av fagområda. Eininga skal delta aktivt i å møte behova i eit samfunn i rask utvikling.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming av private og offentlege reguleringsplanar
Leie og delta i både overordna og detaljerte planprosessar med ulik grad av kompleksitet
Følgje opp og utvikle kommunen sine temaplanar for klima, eventuelt også vere kommunen sin fagkyndige i høve til miljø og klima
Politisk sakshandsaming
Oppgåver kan endre seg/kome til i høve utdanning, ønskje og kommunen sitt behov
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig utdanning på høgskule eller universitet innanfor relevant fagområde. Til dømes; samfunnsplanleggar, arealplanleggar, utdanning innan klima og miljø, arkitekt, jurist o.l. Søkjarar med utdanning innan byggfag, eigedom og med relevant planleggjarpraksis kan også søkje.
Relevant og lang arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Erfaring innanfor plan- og bygningsrett og kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel
Har engasjement og interesse for klima og miljø i planlegginga
Erfaring med utarbeiding av plankart/teikneerfaring vil telje positivt
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Sertifikat for bil
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner
Evner å raskt setje deg inn i nye problemstillingar og fagområde
Engasjert, strukturert og systematisk
Imøtekomande
Me tilbyr
Ein kjekk og hektisk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
Moglegheit for heimekontorløysing
Gode forsikring- og pensjonsordningar
Hjelp til å skaffe bustad
Anna
Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om oss
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Spørsmål om stillinga
Kjell Reigstad
Konstituert einingsleiar Plan, landbruk og teknisk
97747964
kjell.anders.reigstad@gulen.kommune.no
Irene Søreide
Kommunalsjef Samfunn
95968240
Irene.Soreide@gulen.kommune.no
Søknadsfrist 14. januar 2024
Arbeidsgivar Gulen kommune
Kommune Gulen
Omfang Heiltid
Varigheit Fast
Arbeidsstad Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik