Kvinnherad kulturskule har ei ledig stilling som pianopedagog (50%, fast) med moglegheit for å kombinere stillinga med musikklærar-stilling i grunnskule (ca. 35% stilling) og teaterpedagogstilling (15,38%, fast) frå 01.08.2023.
Om arbeidsgivar
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.
Kvinnherad kulturskule har rundt 500 elevplassar, 10 årsverk fordelt på 16 personar. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i kulturskulesenter på Husnes. Dei nye lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.
Stillingsomtale
Pianopedagogstilling (50%, fast):
Vi søkjer
Ein medarbeidar som:
- har kompetanse, evne og engasjement til å jobba med piano-elevar i alle alder.
- kan jobba sjølvstendig men også i samarbeid med andre lærarar i kulturskulen.
- ynskjer å medverka til utvikling av kulturskulen.
- er kreativ, entusiastisk og idérik.
Arbeidsoppgåver
- Undervising i piano.
- Akkompagnement til enkelte elevar og elevgrupper.
- Deltaking i kulturskule sine prosjekt, førestillingar, personalmøter, mm.
- Andre oppgåver ifølgje arbeidsplan.
Kvalifikasjonar
- Godkjent høgare utdanning frå høgskule eller universitet, med hovudinstrument piano/tangentinstrument, og relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom.
- Gode ferdigheiter i norsk, både muntleg og skriftleg.
- Pedagogisk utdanning (PPU) er ein fordel.
- Kompetanse i fleire fag er ein fordel (bør nemnast i søknaden).
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Anna:
Det er moglegheit for å kombinera stillinga med den ledige teaterpedagog-stillinga i kulturskulen (15,38%) og/eller stillinga som musikklærar i grunnskule (ca. 35% stilling per i dag),- ein bør nemna det i søknaden. For undervisning i grunnskulen må ein ha fullført PPU-utdanning.
- Førarkort klasse B er ein fordel.
- Alle søkere bør oppgi minst to referansar. Ein av referansene bør vera leiar i siste arbeidsforhold.
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og praktisk prøve.
Teaterpedagog (15,38%, fast)
Vi søkjer
Ein medarbeidar som:
- har kompetanse, evne og engasjement til å jobba med teaterelevar i ulike aldersgrupper.
- kan jobba både sjølvstendig og i samarbeid med andre lærarar i kulturskulen.
- ynskjer å medverka til utvikling av kulturskulen.
- er kreativ, entusiastisk og idérik.
Arbeidsoppgåver:
- Undervising i teater for elevar i forskjellige aldersgrupper.
- Deltaking i kulturskule sine prosjekt, førestillingar, personalmøter, mm.
- Andre oppgåver ifølgje arbeidsplan.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, samt relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom er ynskjeleg.
- Søkjarar utan formell utdanning, men som har relevant arbeidserfaring eller bakgrunn kan bli vurderte.
- Gode ferdigheiter i norsk, både muntleg og skriftleg.
- Pedagogisk utdanning (PPU) er ein fordel.
- Kompetanse i fleire fag er ein fordel (bør nemnast i søknaden).
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Annet
- Alle søkere bør oppgi minst to referansar. Ein av referansene bør vera leiar i siste arbeidsforhold.
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og praktisk prøve.
Vi tilbyr:
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Triveleg kollegaer og moderne, godt utstyrte undervisnings lokalar.
- Kulturskulen kan vert behjelpeleg med å finn ein rimeleg bustad i kommunen.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju): https://kvinnherad.easycruit.com/
Søknadsfrist: 29.05.2023.
Kontaktperson: Kirill Zimin, rektor, tlf: 53483431, mobil: 45 66 58 92, e-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no