PPT har 10 fagstillingar og ei fin alder/erfaringsblanding. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom varierande arbeidsmåtar. Kommunane våre er i gang med implementering av ny Læreplan for grunnskulen og Stortingsmelding 6 «Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO». PPT satsar mykje på nettverk mellom skular og barnehagar

Me treng fagperson med:

  • Master i spesialpedagogikk eller anna relevant fagområde – gjerne logopedi/språk/grunnleggjande dugleikar
  • Kjennskap til og/eller interesse for utviklingsarbeid i skulen og i barnehage
  • Interesse for, og fokus på elevar med særlege behov
  • Test/utgreiingskompetanse i samband med sakkunnearbeid (§ 19-a/5-1)

Me ynskjer deg som er:

  • Engasjert og personleg eigna
  • Systematisk og sjølvstendig
  • Jobbar godt saman med andre
  • God når det gjeld munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Påliteleg

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415,

eller fagleg leiar Jannecke Fjeldtvedt, tlf. 53496946/95029178

 

Søknadsfrist: 22.11.20

 

Søk på stilling