Pedagogisk leiar

 

I vår barnehage får du ein spennande kvardag der du møter mange ulike språk og kulturar. Me søkjer deg som syns språkarbeid er spennande og som ønskjer å samle barna til felles leik og vennskap. Leik og relasjonsarbeid er to områder me arbeidar aktivt med.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiing av avdelinga og spes.ped fagleg ansvarleg
Tilretteleggje for eit godt psykososialt barnehagemiljø
Ansvar for rettleiing og opplæring av medarbeidarar på avdelinga
Fremja godt samarbeid med foreldra
Medansvar for felles faglege mål på overordna planar
Medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
Medansvar for dagleg organisering av heile barnehagen
Oppfølging av kvalitetskontroll

Kvalifikasjonar

Krav

Godkjent utdanning som barnehagelærar
Du må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades
Vera aktiv saman med barna
Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norksprøve B2 skriftleg og muntleg
Gode datakunnskapar
Søkjara med annen pedagogisk utdanning kan vurderast for midlertidig stilling dersom me ikkje får kandidatar med barnehagelærarutdanning.
Gyldig politiattest må fremlegges ved tiltredels

Ønskje

Sterkt ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse

Personlege eigenskapar

Du har evne til å motivera og inspirert
Du er fleksibel, kreativ og her evne til refleksjon
Du er engasjert og aktiv med barna
Du er trygg og har gode omsorgsevner, – ser den einskilde
Du er ein god rollemodell for små og store
Du har evne og vilje til å skapa gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer

Me tilbyr

Etterutdanning
Veiledning av nyutdanna
Fadderordning for nytilsette
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

 

Spørsmål om stillinga

Vibeke utskot, einingsleiar/styrar

971 49 260

vibeke.utskot@samnanger.kommune.no

 

Søk på stillinga her.

 

Søknadsfrist 5. november 2023

 

Arbeidsgivar Samnanger kommune

Kommune Samnanger

Omfang Heiltid

Varigheit Fast

Arbeidsstad Nesjavegen 10, 5650 Tysse

 

Om oss

Dråpeslottet barnehage held til på Gjerde, like ved Samnanger barneskule og har omlag 50 barn. Barnehagen inneheld blant anna formingsverkstad, eit bibliotek, og eit stort fellesrom der barna kan danna vennskap på tvers av avdelingane. Barnehagen arbeider med inkluderande barnehagemiljø og læringsmiljø/leikemiljø. Språktiltaket Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) blir nytta for å inkludera alle barn. Barna skal få vera med å prege sin eigen kvardag i positivt samspel med andre barn og vaksne. I nærområde kan barna bruka naturen som arena samt tilrettelagt område ved sjøen for utforsking av livet i fjæra. Trygge og nysgjerrige barn lærer mest.

Visjon «ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra»

Samnanger kommune

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.

Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

 

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kontaktinfo

  • Vibeke Lønnebakken Utskot
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 56 58 97 10 mob: 971 49 260

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

November 5, 2023