
Yrkesfaglærar Teknologi og industrifag
OPK-OO – Osterøy vgs, Vestland fylkeskommune
Osterøy vidaregåande skule held til i flotte lokale i Lonevåg og har omlag 200 elevar. Studietilbodet ved skulen er Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Elektro og datateknologi, Studiespesialisering, samt opplæring i mindre grupper.
Skulen har tett samarbeid med Kompetansesenter for robotteknologi AS. Dette gjer at skulen både har og byggjer eit kompetansemiljø kring robotteknologi for både elevar, tilsette, næringsliv og kommune.
Frå 1. august 2026 har vi ledig ei fast undervisningsstilling i programfaga på Teknologi og industrifag.
Vi søkjer deg som aktivt vil vere med å utvikle framtidsretta opplæring i tett samarbeid med kollegaer og leiing.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 08.04.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Yrkesfaglærar Teknologi og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5090697967
Arbeidsoppgåver
Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning med særleg vekt på inkludering og tilpassa opplæring
Samarbeid i lokalt læringsfellesskap
Vi bruker ungdomsbedrift som undervisningsmetode
Samarbeid med eksterne aktørar
Bidra til komeptanseutvikling – både pedagogisk og fagleg
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med:
Fagbrev innan CNC
Fagskule
Godkjent pedagogisk utdanning
Erfaring frå undervisning i vidaregåande skule
Dersom du manglar delar av utdanningskrava er det gode ordningar for etterutdanning.
Personlege eigenskapar
Gode relasjonelle evner
Positivt elevsyn, der du ser og brukar styrkar hjå eleven
Pedagogisk og fagleg nysgjerrig
Opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø
Ein tydeleg leiar for elevgruppa
Gode evner til samarbeid og lagtenking
Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
Eit godt, innovativt, fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Administrasjonensmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Line Brudvik Myhr
avdelingsleiar
Telefon:40214842
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

