
Orre skule, Klepp kommune
Lærar
Orre skule har for fyrste gong på lang tid ei ledig 100 % fast lærarstilling.
Vi søkjer deg som har godkjend lærarutdanning (allmennlærar, GLU 1–7 eller GLU 5–10), og som ønskjer å vere med og vidareutvikle ein skule med svært godt arbeidsmiljø, imøtekomande elevar og samarbeidsorienterte foreldre. Søkjarar med anna relevant utdanning kan òg vere aktuelle. Stillinga er i utgangspunktet knytt til mellomtrinnet, men småtrinnet kan òg vere mogleg. Oppstart frå februar, eventuelt august 2026. Tiltreding etter avtale med aktuell kandidat.
Om skulen
Orre skule er ein barneskule på Pollestad, 4 km frå Bryne sentrum. Dette skuleåret har vi 132 elevar fordelt på sju klassar. Skulen ligg landleg til, med kort veg til naturområde og flotte strender. Vi har ein stor og variert skulegard med leikepark, ballbinger, skatepark og pumptrack. Deler av skulebygget blei nyleg renovert, og vi har fått fleire nye klasserom og ein moderne skaparverkstad med sløydavdeling.
Vår skulekultur
Vi er ein PALS-skule der positiv samhandling og eit støttande læringsmiljø står sentralt. Både elevar og vaksne jobbar kvar månad mot konkrete mål, som til dømes å helse, smile og seie «god morgon». Dette bidreg til ein god skulekultur kjenneteikna av høg trivsel og eit varmt fellesskap. Mange besøkande fortel at det er godt å kome til Orre skule – og det er vi stolte av.
Pedagogisk plattform og satsingsområde
I vår pedagogiske plattform står sosial kompetanse, grunnleggande ferdigheiter og aktiv bruk av nærmiljøet sterkt. Skulen følgjer Klepp kommune sine satsingar og strategiar fram mot 2028, og har i tillegg eigne lokale mål. Eit av dei viktigaste er å utvikle eit sterkt profesjonsfellesskap som skal bidra til at resultata våre innan lesing, rekning og engelsk ligg over både kommunalt og nasjonalt snitt.
I skaparverkstaden og klasseromma ønskjer vi å foreine praktisk arbeid og utforsking med kritisk tenking og undring.
Skule–heim-samarbeid og elevmedverknad
Vi har ei engasjert foreldregruppe og eit velfungerande FAU og SU. Eit godt samarbeid mellom skule og heim er nøkkelen til ein trygg og utviklande skulekvardag for elevane våre. Elevrådet er svært aktivt og står bak fleire flotte tiltak, mellom anna det årlege arrangementet «Orre-talentar».
Arbeidsmiljø og trivsel
Alle elevar og tilsette brukar læringsbrett i det daglege arbeidet. Skulen har lågt sjukefråvær over tid, noko vi trur heng tett saman med god oppfølging frå leiinga, sterk kollegastøtte og høg grad av trivsel.
Vi gler oss til å sjå namnet ditt på søkjarlista – og til å ønske deg velkomen som ein del av eit allereie godt arbeidsmiljø.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 15.12.2025
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Orre
Stillingstittel: Lærar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5043672076
Arbeidsoppgåver
- Vere kontaktlærar og ta ansvar for den daglege oppfølginga av elevane
- Vidareutvikle gode læringsmiljø for alle elevar
- Bidra aktivt i profesjonsfellesskapet, både fagleg og sosialt
- Drive solid begynneropplæring i samarbeid med leiinga og andre tilsette
- Sikre god og tydeleg samhandling mellom skule og heim
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning. Ønskjeleg med GLU 1–7 eller GLU 5–10, men andre søkjarar vil òg bli vurdert.
- Undervisningserfaring frå 1.–7. trinn
- Kyndig i munnlege og skriftlege ferdigheiter
- Ønskjeleg med kompetanse i engelsk, musikk eller kunst og handverk, men andre fag kan òg vere aktuelle
- Før tiltreding må godkjend politiattest og tuberkulinprøve leggast fram
- Legg ved attester og vitnemål
Personlege eigenskapar
- Dyktig i klasseleiing, tydeleg og varm
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Evne og motivasjon til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Inkluderande elevsyn, med fokus på auka læringsutbytte for kvar einskild elev og gruppe
- Strukturert og målretta arbeid
- Positiv, fleksibel, nysgjerrig og open for nytenking
- Godt humør og ansvarskjensle for trivsel rundt deg
- Sjølvstendig med høg arbeidskapasitet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lærarstilling i 100 % fast stilling
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og positive kollegaer
- Eit elevmiljø prega av ro, glede og smil
- Samarbeidsvillige foreldre som ønskjer å støtte skulen
- Gode velferdsordningar, pensjon og forsikring gjennom Klepp kommune
Tilsetting skjer på vilkår og med plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Løn etter lokal lønnspolitikk
Visjonen vår er «Med blikk for alle» Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Adresse: Roslandsvegen 366, 4343 Orre, Norge
Kontaktinformasjon
Kenth Magne Asebo-Trodal, rektor
Telefon:+47 90790216
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

