Organist

 

Seljord sokn

Overordnet beskrivelse av stillingen og virksomheten:

Seljord sokn ligg i Øvre Telemark prosti og har tre tettstader som har kyrkjer og kyrkjegardar, Seljord kyrkje frå 1180, Flatdal kyrkje frå 1654 og Åmotsdal kyrkje frå 1792. I tillegg er det gudstenester i kapell, bedehus og i friluft, og andaktar på institusjonar. I Flatdal er eit Venheim orgel, og i Seljord er orgelet bygd om av Venheim. I Seljord kommune bur det om lag 2 900 innbyggarar, og her er kulturhus, kulturskule og eit aktivt og allsidig musikkmiljø.

Aktuelle søkarar innkallast til intervju og prøvespeling. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Stillinga kan eventuelt kombinerast med 20-30% som trusopplærar eller anna form for kyrkjelydsarbeid.
Start i jobb: 01.10.2022 eller etter avtale.

Søknadsfrist: 01.06.2022
Arbeidsgivar: Seljord sokn
Stad: Seljord
Stillingstittel: Organist
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 70
Webcruiter-ID: 4519336254

Arbeidsoppgåver

Planlegge og gjennomføre gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
Planlegge, leie og bygge opp kyrkjelydane sine kyrkjemusikalske aktivitetar.
Bidra musikalsk på kyrkjelege arrangement og i samarbeid med andre aktørar.
Ha tilsyn med instrumenta.

Kvalifikasjonar

Kyrkjemusikalsk eller anna relevant utdanning og kompetanse.
Kjenne kyrkja sin liturgi og salmetradisjon.
Ynskjeleg med erfaring frå korarbeid.
Beherske skriftleg og munnleg norsk.
Kunne bruke digitale verktøy i dagleg arbeid.
Ha førarkort og disponere eigen bil.
Må vera medlem av DNK.
Krav om politiattest etter §29 i Kyrkjelova.

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på å vera personleg eigna for jobben.
Må både kunna samarbeide godt og arbeide sjølvstendig.
Musikalsk allsidigheit og fleksibilitet er ein fordel.
Må kunne kommunisere og samarbeide med ulike aldersgrupper og i ulike settingar.
Bør ha velutvikla humoristisk sans.

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø der kontorstad er i Seljord, og kontorfellesskap med sokneprest, prost, diakon og kyrkjeverje.
Løn etter kvalifikasjonar, tariffavtale i KA og pensjonsordning i KLP der tilsette blir trekt 2%.
Gode instrument.
Fleksibel avtale om frihelger.
Gruppeliv forsikring i arbeidstid.
Eventuell kombinasjon med 20-30% som trusopplærar eller anna form for kyrkjelydsarbeid.
Hjelp til å skaffe bustad.

 

Brøløsvegen 48B, 3840 Seljord, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Bergit Lisleåsheim Telnes, soknerådsleiar
906 91 674

Jon Svartdal, kyrkjeverje
917 23 967

 

Del stillingen

Selskap

Seljord kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Bergit Lisleåsheim Telnes
  • Tittel: Soknerådsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 906 91 674
  • Jon Svartdal
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 917 23 967

Lokasjon

  • Seljord

Søknadsfrist

Juni 1, 2022