Bremanger Kyrkjelege Fellesråd – Svelgen
Kantor/Organist/Kyrkjemusikar
Ledig vikariat i stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar
Bremanger ligg i Sogn og Fjordane, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv. Kommunen har eit svært rikt song og musikkliv som vi ønskjer å inkludere i gudstenestelivet.
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig vikariat i 80% stilling som organist/kantor/kyrkjemusikar i Midtgulen, Davik, Ålfoten og Rugsund sokn.
Sentrale arbeidsoppgåver vert:
Leiar for kyrkjelydane si kyrkjemusikkalske verksemd.
Planlegge og medverke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar ved kyrkjene i Midtgulen, Svelgen, Davik, Ålfoten og Rugsund.
Speling ved andakter på Klokkartunet og Svelgen bu og servicesenter.
For stillinga krevst:
Utdanning, jfr. kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar eller tilsvarande.
Førarkort.
Vi tilbyr:
Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement. Pensjonsordning gjennom KLP. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja.
Kommunen har ein aktiv kulturskule der det er behov for lærarar i musikkundervisninga.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger, e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595 eller 41803976.
Her finn du oss på internett: www.bremanger.kommune.no/kyrkje og www.visitbremanger.no
Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål sender ein til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Rådhuset postboks 104, 6721 Svelgen, innan 28. juli 2023.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver Bremanger Kyrkjelege Fellesråd
Adresse Rådhuset, Granden 4, 6723 Svelgen
Bremanger kyrkjelege fellesråd er geografisk samanfallande med Bremanger kommune. Kyrkjeleg fellesråd representerer dei sju sokna Midtgulen, Ålfoten, Davik, Rugsund, Berle, Bremanger og Frøyen i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd har forvaltingsansvar for kyrkjebygg, kyrkjegardar, kyrkjeleg tilsette og lokal kyrkjeøkonomi.
Om stillingen
Antall stillinger: 1
Oppstart 9. juni 2023
Ansettelsesform Fast
Heltid/deltid Heltid
Sektor Privat
Søk på stillingen:
Stilling ledig – Bremanger kyrkjeleg fellesråd (kirken.no)
Søknadsfrist 28. juli 2023
Kontaktperson for stillingen
Kyrkjeverje i Bremanger
41803976
bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Bremanger Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Rådhuset, Granden 4, 6723 Svelgen
Hjemmeside:
https://www.kyrkja.no/bremanger