Oppmålingsingeniør – 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som oppmålingsingeniør. Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting og endring av eigedom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker, byggesaker, konsesjonssaker m.v.
Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med dei andre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver kan i nokon grad tilpassast søker sin kompetanse og praksis.
Søknadsfrist: 08.12.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel: Oppmålingsingeniør – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4882936424
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og rettleiing, mellom anna;
-matrikkelsaker
-adressetildeling
-seksjonering
-matrikkelforbetring/kvalitetsforbetring
-klagesaksbehandling
-delingssaker - Oppmålingsforretningar, mellom anna;
-frådelingar og løyve
-forretning over eksisterande eigedom
-grensejusteringar
-matrikkelføring - Rådgiving og støtte for matrikkel og kart
- Bistå ved, og kvalitetssikre kommunale grunnerverv og -sal
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-5 årig utdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan vurderast
- Kunnskap om matrikkelloven og anna relevant lovgivning/regelverk er ein fordel
- Kompetanse på bruk av ulike IKT-system, spesielt GIS er ein fordel
- Erfaring i bruk av oppmålingsverktøy er ynskeleg
- Godkjent matrikkelførerkurs er ynskeleg
- Landmålarbrev eller kompetanse som kvalifiserer til landmålerbrev er ynskeleg
- Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel
- Førarkort for personbil og bør disponera eigen bil
- Personlege eignaheit vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert, sjølvstendig og liker ein hektisk arbeidskvardag
- Opptatt av å levere tenester av høg kvalitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg og gode norskkunnskapar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og givande jobb
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
- Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Tyinvegen 5161, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Ingeborg Lunde
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
Telefon:99230305
ingeborg.lunde@vang.kommune.no