Økonomisjef

 

Me søkjer etter ein dyktig økonom som har lyst å vere med oss inn i framtida, og har ledig 100% fast stilling som økonomisjef i Årdal Kommune.

Stillinga er sentral og viktig i kommunens administrative toppleiing som del av kommunedirektørens ledarteam. Økonomisjefen har overordna ansvar for kommunens økonomifunksjon. Herunder budsjett, regnskap, finans, innkjøp, økonomiplan og handlingsprogram, og planmessig oppfølging og rapportering mot desse.

Arbeidsoppgåver

Leie økonomistyringa og rapporteringa i kommunen
Ansvarleg for budsjettarbeidet
Legge fram og saksbehandle saker frå økonomirådet til politiske utval
Følgje opp politiske vedtak og prioriteringar
Ansvarleg for kommunens eigendomsskatt
Ansvarleg for kommunens finansforvaltning og eigarstyring
Følgje opp kommunens anskaffelses/innkjøpsstrategi
Følgje opp kommunens forsikringsavtalar
Delta aktivt i strategisk utviklingsarbeid i kommunen

Me søkjer ein person med

Høgare økonomiutdanning frå høgskule/universitet
Lang erfaring kan kompensere til ein viss grad for utdanning
Leiarutdanning/leiarerfaring
Strategisk og operativ erfaring innanfor økonomiarbeid (planlegging, budsjettering, forvaltning og økonomistyring i tillegg til controlleroppgåver og offentleg regnskap/finans)
Kunnskap og erfaring frå utviklingsarbeid i større organisasjonar
God IKT forståing

Personlege eigenskapar me vil vektleggje

Vise gode evne til å samarbeida og engasjera
Er fleksibel og sjølvstendig
Viser evne til å vere strategisk og analytisk
Er løysings- og resultatorientert
Viser gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter

Årdal kommune tilbyr

Ei strategisk og spanande leiarstilling
Store moglegheiter for å bidra til kommunens utvikling
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 18.09.2023

 

Tiltreding: Etter avtale

Arbeidsstad: Årdal Kommune

 

Kontaktpersonar:

Stig Stark-Johansen

tlf: +47 924 14 887

 

Heimeside:
www.ardal.kommune.no
Adresse: Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Årdal kommune

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal !

 

Del stillingen

Selskap

Årdal kommune

Kontaktinfo

  • Stig Stark-Johansen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 924 14 887

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

September 18, 2023