Starte eit liv på bygda? Kan vi ha drømmejobben for deg?
Vi søkjer ein Administrasjon- og økonomisjef
Arbeidsgiver Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Stillingstittel Økonomisjef
Frist 07.10.2022
AnsettelsesformFast
Vi ser etter følgjande kvalifikasjonar:
– Høgare økonomisk utdanning / erfaring frå fagfeltet
– God og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
– Gode skriftlege ferdigheiter
– Gode språkkunnskapar er ein fordel; engelsk og ev. anna framandspråk, skriftleg og munnleg
– God munnleg framstillingsevne og god datakunnskap
Arbeidsoppgåve/funksjon:
– Budsjett- og rekneskapsansvar
– Rapportering, økonomistyring
– Miljøfyrtårn og HMS ansvarleg (kursing kan tilbydast)
– Prosjektoppfølging (økonomi)
– Tilsyn med bygg og teknisk anlegg/utstyr
– Administrative tenester for organisasjonar som vi samarbeider med
– Arbeidsoppgåve kan i noko grad tilpassast søkjar sine kvalifikasjonar
Om arbeidsgiveren
Geirangerfjorden Verdsarv er ei stifting med føremål; – å utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarven Vestnorsk fjordlandskap, – å drive ei berekraftig utvikling av det unike verdsarvområdet, – å representere ein arena for vitenskapeleg forsking på området,- samt vere premissleverandør overfor myndigheiter. Stiftinga skal gje inspirasjon til lokal utvikling gjennom å bygge og dele kompetanse til beste for utviklinga av attraktive lokalsamfunn i og kring verdsarvområdet. Stiftinga driv Norsk Fjordsenter/besøkssenter verdsarv i Geiranger, som også er vårt hovudsete.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Spørsmål om stillingen
Katrin Blomvik Bakken, Direktør
Telefon 954 27 390 Mobil954 27 390