Økonomisjef
100% fast stilling som økonomisjef.
Søknadsfrist: 31. juli 2023.
Me har ledig ei spanande og utfordrande stilling som økonomisjef – er dette noko for deg?
Vår økonomisjef gjennom 42 år går av med pensjon i fyrste halvdel av 2024. Me søkjer hans etterfylgjar.
Kommunen ynskjer å ha «overlapp» og vil tilsetje økonomisjefen frå oktober.
Økonomisjefen har det administrative ansvaret for m.a. kommunen sitt budsjett, rekneskap og økonomiarbeid. I tillegg er avdelinga rekneskapsførar for Tokke kyrkjelege fellesråd og nokre legat. Økonomisjefen har personalansvaret for tilsette i økonomiavdelinga.
Økonomisjefen har ei nykelrolle, og me treng deg som er fagleg sterk med kunnskap om kommunal økonomi, finans og eigarstyring av kommunalt eigde og deleigde selskap. Du har strategisk teft når kommunen skal forvalte midlane, og du blir motivera av å forvalte ressursar til det beste for fellesskapet. Økonomistyringa i kommunen er avhengig av eit omfattande samarbeid med mange involverte partar i heile organisasjonen, og her har du ein strategisk, retningsgjevande og leiande rolle på vegne av kommunedirektøren. Kommunen er oppteken av å nytte digitale verktøy til å forbetre både tenestene me tilbyr innbyggjarane og interne arbeidsprosessar. Me ser etter ein person som kan vere ein aktiv pådrivar i dette arbeidet.
Som økonomsjef vil du vera del av kommunedirektørens leiargruppe, saman med fire kommunalsjefar, NAV-leiar og organisasjonssjef.
Arbeidsoppgåver:
Det heilskaplege ansvaret for å sikre det langsiktige perspektivet i kommunen si økonomi- og finansstyring gjennom handlingsprogram, budsjett, økonomiplan og økonomireglement ligg til økonomileiar. Du har ansvaret for å vidareutvikle kommunen, sikre gode budsjettprosessar og syte for effektiv økonomistyring.
Ansvarsområde:
- Overordna ansvar for kommunen sitt budsjett, økonomirapportering, finans- og kraftsaker og eigarstyring
- Personalleiing for eininga økonomiavdeling
- Vera kommunedirektøren sin rådgjevar og støttespelar innanfor økonomiske og finansielle problemstillingar
- Vera med på å sikre god internkontroll
- Bidra til å modernisere og forenkle arbeidsprosessar og å ta i bruk nye, digitale verktøy
- Bidra til ein positiv kultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
- Leiarstøtte i planlegging av ressursbruk og økonomisk måloppnåing
Økonomisjefen rapporterar til kommunedirektøren.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- Kjennskap og fagleg bakgrunn til å forstå komplekse problemstillingar i kommunen sin økonomi
- Leiarerfaring er ynskjeleg
- Erfaring frå økonomioppfølging og prosjektleiing vil vere ei styrke
- Gode digitale evner/ferdigheitar. (kommunen nyttar følgjande dataprogram i økonomiforvaltninga:
- Unit4 ERP/Agresso)
- Analytiske eigenskapar og innsikt i kva som er drivarar for inntekter og utgifter i ein kommune, kva som er viktig i den samanhengen og at du kan kommunisere godt omkring desse
Personlege eigenskapar:
- Vera engasjert, vise evne til å setje klare mål, ta initiativ og gjennomføre, vera fleksibel.
- Utøve eit godt leiarskap og medarbeidarskap
- Positiv og serviceinnstilt, gode samarbeidsevner
- Nøyaktig og flink til å kommunisere både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Me tilbyr:
- Ei nykelrolle i kommuneadministrasjonen og del av kommunedirektøren si leiargruppe
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Hyggelege kollegaer og ein god arbeidsplass
- Opplæring og kompetanseoppbygging
- Fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av befolkninga generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn. Me legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket er nynorsk.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunedirektør, Finn Arne Askje, tlf. 95 07 66 37, eller finn.arne.askje@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje fylgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.