
Økonomirådgivar/controller
Vi vil styrke arbeidet vårt med økonomistyring, og søker ein dyktig og strukturert økonomirådgivar/controller.
Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF) er eit kommunalt føretak som har ansvar for busetting og integrering av flyktningar og vaksenopplæring i Kinn kommune. Vi driv også eit kommunalt asylmottak, og driv forskings- og utviklingsarbeid knytt til fagfelta vi jobbar med. KURS KF er organisert i fire avdelingar fordelt på tre lokasjonar, og forvaltar alle statlege tilskot til busettings- og integreringsarbeid i Kinn kommune. I 2022 vann vi busettings- og integreringsprisen frå IMDi, og vi er opptatt av å vere ein pådrivar når det gjeld fagleg utvikling på feltet. Dei siste åra har vi hatt stor vekst i aktivitet, og i 2023 hadde vi ei omsetning på over 130 millionar kroner.
Vi treng ein engasjert og sjølvstendig økonomirådgivar som kan bidra i utvikling og implementering av verktøy for strategisk økonomistyring såvel som solide interne rutinar for internkontroll og kostnadsstyring.
- Søknadsfrist: 15.02.2024
- Arbeidsgivar: Kinn kommune
- Stad: Florø
- Stillingstittel: Økonomirådgivar/controller
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4751425994
Arbeidsoppgåver
- Bidra i arbeidet med økonomiplan, årsbudsjett, rapportering og årsmelding
- Bidra til å utvikle gode system og rutiner for strategisk økonomistyring
- Budsjettarbeid, inkludert planlegging, utarbeiding og månadleg oppfølging
- Inntektskontroll, rekneskapsoppfølging og økonomisk planlegging
- Rådgiving innan økonomistyring og kostnadskontroll
- Tett samarbeid med dagleg leiar og leiargruppa
- Samarbeid med økonomiavdelinga i Kinn kommune
Kvalifikasjonar
- Økonomiutdanning på bachelor- eller masternivå
Det er vidare ønskeleg at du har:
- Erfaring med oppgåver innan økonomistyring, controlling og rådgiving, gjerne frå offentleg sektor
- Gode kunnskapar i bruk av digitale verktøy, fordel med erfaring frå Framsikt og Visma Entreprise
- Erfaring med strategisk økonomistyring og leiarstøtte
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er
- Ryddig, nøyaktig og strukturert
- Løysingsorientert og med gode gjennomføringsevner
- Analytisk og resultatorientert, med evne til å prioritere
- Fleksibel og med evne til å stå på i travle periodar
- God til å kommunisere og samarbeide med andre
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga av søkarar.
Vi tilbyr
- Interessante, utfordrande og varierte oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag
- Deltaking på nasjonale fagsamlingar og nettverksmøter og moglegheit for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
KURS KF, Professor Gjelsvikveg 20, 6906 Florø, Norge
Kontaktinformasjon
Eva Melvær Langaas
Dagleg leiar
Telefon:+47 97180554
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.