Økonomimedarbeidar – 1 års engasjement i 100% stilling
Økonomitenesta er ein del av området fellestenester i Askvoll kommune. Fellestenester har som oppgåve å yte service og støtte til dei ulike tenesteområda i kommunen, til kommunedirektøren og til den politiske leiinga. Økonomitenesta har ansvar for rekneskap, løn, finans, eigedomskatt, samt rapportering og økonomiske analyser. Kommunen nyttar Visma sine løysningar til rekneskap og lønn.
Vi søkjer no ein kollega til eit 1-års-engasjement i 100% stilling.
Oppgåvene er varierte og vil endre seg etter behov, men er i hovudsak innanfor fylgjande område
• Fakturabehandling
• Betalingar, innkrevjing
• Rekneskapsarbeid
• Støtte til økonomisjef
Kvalifikasjonar
• Økonomiutdanning på bachelornivå
• Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
• Relevant erfaring frå kommunal forvaltning, økonomi og IKT er ei føremon
• God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
• Sjølvgåande, løysingsorientert og strukturert
• Omgjengeleg og gode samarbeidsevner
• Må beherske norsk munnleg og skriftleg og ha gode engelskkunnskapar. Kommunen har nynorsk som målform.
• Beherske å bruke IKT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
• Gode evner innan kommunikasjon og samhandling.
• Positiv, fleksibel og løysingsorientert.
• Evne til å rettleie og motivere.
• God på omstilling og til å tileigne seg ny kompetanse og å ta i bruk nye verktøy.
Vi tilbyr
• Løn etter kvalifikasjonar og tariff, og arbeidsvilkår i høve lov og avtaleverk
• Gode pensjonsvilkår
• God pensjonsordning i KLP
• Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
• Spennande og varierte arbeidsoppgåver
• Triveleg arbeidsmiljø saman med erfarne kollegaer
Søknadsfrist 16.4.2023. Bruk vårt elektroniske søknadssystem.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Engasjement
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 16.04.2023
- Arbeidsstad: Askvoll
Kontaktpersonar
Nina Haugstad
tlf: +47 57730712
mob: +47 47751819
Heimeside
Adresse
Sentrum – på ferjekaia 6980 Askvoll
Askvoll kommune
Sentraladministrasjonen femner om Askvoll kommune si administrasjonsleiing og stabsfunksjonar, herunder rådmannskontoret, personalsjefen, kommunekassa/økonomiavdelinga og sørvistorg. Sentraladministrasjonen er ansvarleg for tilrettelegging koordinering av kommunen si verksemd, og fører tilsyn med heile kommunen si forvaltning. Sentraladministrasjonen skal leie den kommunale organisasjonen mot dei måla som det politiske styringssystemet set.
Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar.