Har du økonomiutdanning og interesse for digital utvikling?

Me har no ein ledig 100% fast stilling som konsulent. Du vil bli ein del av ei økonomiavdeling med fire tilsette, organisatorisk lagt til kommunedirektørens stab, som har ulike ansvar og varierte oppgåver innanfor rekneskap, løn, skatt, budsjett og økonomistyring. Me skal i løpet av 2024 implementere nytt økonomi/ERP-system, noko me trur vil føre til auka effektivisering og digitalisering av arbeidsprosessane våre. Du vil vera bidragsytar inn i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Ymse oppgåver innanfor løn og rekneskap, fakturering og fakturabehandling
  • Jobbe for betre og meir effektive løysingar på avdelingas oppgåver
  • Rettleiing til tilsette i kommunen
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning innan rekneskap eller økonomi på bachelornivå . Det blir lagt vekt på erfaring om arbeid innan økonomi. Lang erfaring innan økonomi og rekneskap kan kompensere for utdanningskrav
  • Du har god digital kompetanse
  • Det er ein fordel om du har erfaring med økonomisystem og offentleg forvaltning, men me oppmodar også nyutdanna til å søkja

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, innovativ og nysgjerrig
  • Du har tal- og systemforståing
  • Du har fagleg integritet og motivasjon
  • Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Du har gode kommunikasjonsevner og kan kommunisere godt med andre fagmiljø
  • Du ynskjer  å bidra inn i eit godt arbeidsmiljø

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Kommunal felles pensjon- og forsikringsordning

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Ved spørsmål om stillinga kontakt med økonomisjef Magne Sturød, telefon: 95 88 84 88, eller epost: magne.sturod@tokke.kommune.no 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn her

Velkomen som søkjar!