Stillinga vil ha hovudarbeidsområde innan lønsarbeidet. Det er om lag 250 årsverk i kommunen. Me nyttar økonomisystemet UBW Agresso. Avdelinga har ansvaret for kommunerekneskapen, rekneskapen til Tokke kyrkjelege fellesråd og fleire legat, innfordring av kommunale avgifter og rekningar, og delansvar for budsjett- og økonomiplanarbeidet. Avdelinga tek også del i økonomisk sakshandsaming og medarbeidarane skal vera konsulent for etatane i økonomiske og administrative saker.   

Arbeidsoppgåver

  • Lønsarbeid frå A-Å
  • Registrering, kvalitetssikring og kontroll av lønsdata
  • Innmeldingar, rapportering og avstemmingar
  • Råd og rettleiing i avtaleverket innan arbeidsområdet
  • Vera konsulent for etatane
  • Ta del i andre arbeidsoppgåver ved avdelinga
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med 3 års relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå lønsarbeid og/eller økonomi vert vektlagt og kan kompensere for heile eller delar av formell utdanning
  • Erfaring frå kommunal eller offentleg sektor er ein fordel
  • God kunnskap om bruk av IKT-verktøy er også ynskjeleg
  • God til å samarbeide
  • Kjennskap til lovar og reglar innan løn og fråvær

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner med vekt på god kommunikasjon
  • Evne til arbeide sjølvstendig, nøyaktig og effektivt
  • Løysingsorientert og evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Fleksibel og evne til å takle hektiske arbeidsperiodar
  • Positiv og serviseinnstilt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Variera og utfordrande oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter tariffavtale
  • Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Ynskjer du meir informasjon ta kontakt med økonomisjef Tjøstov Djuve på mobil: 91840562 eller e-post: tjostov.djuve@tokke.kommune.no

 

Søknadsskjema skal fyllast ut så fullstendig som mogleg. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane bli gjort offentleg.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her

Velkomen som søkjar!