Montessoripedagog m/kontaktlæraransvar + Assistent i skule og SFO

 
 
To ledige stillingar ved Kjølsdalen Montessoriskule!
 
Vi søkjer etter ein dyktig montessoripedagog som kan ta på seg kontaktlæraransvar frå dag 1 av skuleåret 2023/24.
Vi søkjer òg etter ein ny assistent for skule og SFO.
 
Montessoripedagog med kontaktlæraransvar ved Kjølsdalen Montessoriskule

Arbeidsgjevar:            Kjølsdalen Montessoriskule SA
Stillingstittel:               Lærar
Frist:                           Open, men så snart som råd
Tilsetjingsform:          Fast stilling for montessoripedagog eller pedagog som startar opp vidareutdanning                                     med montessoripedagogikk

Kjølsdalen Montessoriskule opprettar ny montessoripedagogstilling (m/kontaktlæraransvar)


Kjølsdalen Montessoriskule er ein 1.-10. skule. Vi er blitt fleire, og søkjer difor etter ein dyktig montessoripedagog som kan ta på seg kontaktlæraransvar frå dag 1 av skuleåret 2023/24. Stillinga baserer seg i utgangspunktet i Storskulen (4.-6. trinn) der ein vil ha delt kontaktlæraransvar med montessoripedagog i ein elevgruppe på 24 elevar hausten 2023. Men noko arbeid i Ungdomsskulen (7.-10. trinn) kan òg vere aktuelt ut i frå fagkombinasjon.


Fagkretsar: 
Fleire fagkombinasjonar kan være aktuelle. Ønskjeleg er eitt eller fleire av følgjande fag i sin fagkrets: Kunst og Handverk, kroppsøving, musikk, framandspråk (andre enn engelsk), mat og helse. Interesse for å utvikle og drive med skulehage er òg ønskjeleg.
Vi søkjer ein lærar som er utviklingsorientert og ein god lagspelar.
Søknadsfrist er open og vi tilset fortløpande.
 
Kontaktperson vedrørande stillinga er rektor Thomas P. R. Hals
Telefon: 57 86 49 50 / 924 41 035 / mail: thomas@kjolsdalenmontessori.no

Kvalifikasjonar:
  • Godkjent lærarutdanning
  • Gode ferdigheiter innan klasseleiing
  • Ønskje og interesse for å vidareutvikle skulen som ein lærande organisasjon
  • Montessoripedagogikk er ikkje naudsynt ved tilsetjing, men for moglegheit til fast tilsetjing er vidareutdanning i Montessoripedagogikk eller oppstart og ferdigstilling av slikt studium eit krav.

Personlege eigenskaper:

  • Du ønskjer å jobbe med montessoripedagogikk
  • Då er fagleg engasjert og har fag «i ryggraden»
  • Du er tydeleg og kommuniserer godt og fylt med respekt med både elevar, kollegaer og føresette
  • Du ønskjer å være den beste læraren for elevane kvar dag
  • Du er sjølvstendig, men og samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • Du har interesse for og evne til å byggje gode og trygge relasjonar
  • Du er genuint oppteken av elevane si læring og utvikling
  • Du er kunnskapsrik, inkluderande og engasjert

Arbeidsoppgåver:

  • Være kontaktlærar for 10-15 elevar på 4.-6. trinn
  • Planleggje og leggje til rette for elevane si læring
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Ansvar for eit godt førebudd miljø
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Bidra til eit godt samarbeid med dei føresette

Alt dette i samarbeid med annan kontaktlærar og andre tilsette med tilknyting til elevgruppa

  • Delta og bidra i eit lærande fellesskap

Assistent i skule og SFO – 100% stilling

 

Til stillinga som assistent i skulen og SFO søkjer vi etter ein person som:

Har eller ønskjer relevant pedagogisk erfaring

Har kreative evner

Kan jobbe sjølvstendig

Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Er villig til å setje seg inn i montessoriprinsippa

Har god brukskompetanse på IT/data

SFO er ope gjennom skuleåret frå 07.30 – 08.30 kvar dag
14.30 – 16.30 måndag-tysdag + torsdag-fredag
12.00 – 16.30 onsdagar

I tillegg vert det tilbydd SFO siste veka før skulestart i august + første veka etter skuleslutt i juni.
3 av 5 dagar i haust- og vinterferie vert det òg tilbod om SFO. 
SFO-tilbod i feriar er avhengig av nok påmeldte barn. 

Vi tilbyd:

  • Dyktige, dedikerte og engasjerte kollegaer
  • Fleksible haldningar innad i kollegiet
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og montessoripedagogikk
  • Lønn minimum etter tariff mellom Unio og KS
  • Medlemsskap i innskotsbasert pensjonsavtale med maksimalt innskot

Andre opplsysningar:

  • Oppdatert CV med oppdaterte referansar, samt kopiar av attestar og vitnemål sendast med søknaden
  • Det må leggjast fram politiattest jfr. Opplæringslova § 10-9 før tiltreding

Om arbeidsgjevar:

  • Kjølsdalen Montessoriskule ligg i Kjølsdalen, mellom Måløy og Nordfjordeid. Stad kommune er vertskommune for skulen. I same bygg har vi samla barnehage, barneskule og ungdomsskule, alt driven etter montessoripedagogiske prinsipp. Totalt er det våren 2023 56 elevar ved skulen sitt 1.-10. – løp. Hausten 2023 vil dette auke noko.

Sjekk gjerne ut skulen si heimeside: www.kjolsdalenmontessori.no
Vi har eiga facebookside: https://www.facebook.com/kjolsdalenmontessoriskule/

Sektor:           
Privat
Stad:               Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen
Bransje:         Barn, skule og undervisning
Nøkkelord:    Lærar, Montessori, Pedagogikk

 

Del stillingen

Selskap

Kjølsdalen Montessoriskule SA

Kontaktinfo

  • Thomas P. R. Hals
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: thomas@kjolsdalenmontessori.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 57 86 49 50 / 924 41 035

Lokasjon

  • Kjølsdalen

Søknadsfrist

August 18, 2023