Førde bu-og miljøteneste, eining 3, har ledig fast stilling som

Miljøteraput i langvaktturnus

 

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig stilling:

100 % stilling, fast, i langvaktsturnus med arbeid 4 kvar helg.
Vi søker deg som har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus!

Arbeidsoppgåver:

  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
  • kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • ansvar for legemiddelhandtering og oppfølging av dokumentasjon
  • oppfølging i dagleglivet sine oppgåver og aktivitetar
  • oppmuntre til meistring og god livskvalitet
  • samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar og studentar
  • fokus på aktivitetar, ernæring og skape ein god kvardag for brukarane

Kvalifikasjonar:

  • autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • ønskeleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
  • stødig på å handtere utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • førarkort
  • godkjent politiattest før oppstart i stillinga
  • gode IKT kunnskapar
    personlege eigenskapar vektast høgt

Personlege eigenskapar:

Vi søker deg som:

  • ser den enkelte sine ressursar, som brenn for å tilrettelegge for utvikling og å fremje auka livskvalitet
  • bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerde
  • er fleksibel og endringsvilleg, og har evne til å sette grenser
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • påliteleg, punktleg og løysingsfokusert
  • likar ulike aktivitetar og har ei god fysisk helse

Vi ønsker ei jamnare kjønnsfordeling i eininga og oppfordrar menn til å søke.

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Spennande og faglege utfordringar
  • Rettleiing/fagleg oppdatering
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Langvaktsturnus (12,5 t), langfri og arbeid 4 kvar helg
  • Du søker elektronisk.

 

Velkomen som søkar!

 

Send søknad på stillingen her.

 

Referansenr: 22/7471

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 07.08.2022

 

Tiltreding: 01.10.2022

Arbeidsstad: Førde

 

Kontaktpersonar:

Siri-Merethe Solheim

tlf: +47 57 02 12 55 mob: +47 986 85 240

Heimeside:
www.sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Siri-Merethe Solheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 02 12 55 mob: +47 986 85 240

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

August 7, 2022