Førde bu- og miljøteneste, eining 3, har ledig stilling som

Miljøterapeut i langvakt-turnus

 

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig følgande stilling:

  • fast 100 % stilling i langvakt-turnus med arbeid 4 kvar helg.

Kvalifikasjonar:

  • autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • ønskeleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
  • ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, men ikkje eit krav
  • stødig på å handtere utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • førarkort
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
  • personlege eigenskapar vektast høgt

Arbeidsoppgåver:

  • sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
  • kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • ansvar for legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
  • ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar og studentar
  • sikre journalføring i fagprogrammet cosdoc
  • fokus på aktivitetar, ernæring og å auke livskvaliteten til brukarane

Vi søker deg som:

  • vi søker deg som har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus!
  • bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerde
  • er fleksibel og endringsvilleg, og har evne til å sette grenser
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • påliteleg, punktleg og løysingsfokusert
  • likar ulike aktivitetar og har ei god fysisk helse

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • spanande og faglege utfordringar
  • rettleiing/fagleg oppdatering
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • langvaktsturnus (12,5 t), langfri og arbeid 4 kvar helg

Velkomen som søkar!

 

Du må søke elektrionisk.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 19.03.2022

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Førde

 

Kontaktpersonar:

Siri-Merethe Solheim

tlf: +47 57 02 12 55  mob: +47 986 85 240

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Siri-Merethe Solheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 02 12 55 mob: +47 986 85 240

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Mars 19, 2022