Miljøfagarbeidar (vikariat), 2. gongs utlysing

 

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca. 550 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Elevmilljøet hos oss er mangfaldig og spennande, og lærarane er engasjerte og kreative. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi søkjer ein miljøfagarbeidar som kan hjelpe elevar som har behov for støtte og oppfølging i opplæringa. Startdato er 1. februar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: Snarast
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Nesttun
Stillingstittel: Miljøfagarbeidar (vikariat). 2. gongs utlysing
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4737462814
Startdato: 01.02.2024

Arbeidsoppgåver

Vi har behov for ein fagperson som kan hjelpe einskildelevar og grupper av elevar som har behov for støtte i opplæringa i klasserom/verkstad og praktisk arbeid. Startdato 1. februar.

Kvalifikasjonar

Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande.
Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med ungdom, gjerne frå institusjon eller barnevern.
Det er ein fordel om du har teknisk fagkompetanse innanfor byggfag eller industri.
Det er ein fordel om du beherskar fleire språk.

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du likar å arbeide praktisk med hendene.

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun, Norge

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, rektor
Telefon:  55 14 04 12
E-post: magnhild.hakestad@vlfk.no

Lena Sanden, avdelingsleiar
Telefon:  55 14 04 19
E-post: lena.sanden@vlfk.no

Wenche Narum, førstekonsulent
Telefon:  55 14 04 10
E-post: wenche.narum@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Magnhild Hakestad
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: magnhild.hakestad@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 55 14 04 12
  • Lena Sanden
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: lena.sanden@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 55 14 04 19
  • Wenche Narum
  • Tittel: Førstekonsulent
  • E-Post: wenche.narum@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 55 14 04 10

Lokasjon

  • Nesttun
  • Bergen

Søknadsfrist

Januar 21, 2024