Miljøarbeider 100 % stilling – ved Lund arbeidsbase
IHT, Tilrettelagde Tenester avd. Lund arbeidsbase søkjer miljøarbeidar i 100 % fast stilling, som skal bistå til ein aktiv og meiningsfull kvardag. Miljøarbeidaren skal vera veiledande og motiverande for både unge og vaksne som treng ein meiningsfylt arbeidsretta aktivitet i kvardagen.
Søknadsfrist: 03.09.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel: Miljøarbeider 100 % stilling – ved Lund arbeidsbase
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4843254853
Arbeidsoppgåver
- Praktiske og faglege arbeidsoppgåver tillagt den enkelte, i samarbeid med fagansvarleg og næraste leiar.
- Utøve målretta miljøarbeid. Gjere seg kjend med og opptre slik at eigen praksis tilfredsstiller gjeldande lover, reglar og normer.
- Vere lojal overfor vedtak og tiltak.
- Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid.
- Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6.
- Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting.
- Dokumentere etter gjeldande lover og reglar.
- Me har mange ulike oppgåver der ein treng kjennskap til alt frå kjevle og catering til traktor, planting og blomeoppsetting. Dette er arbeids- og aktivitetsoppdrag som Lund bidreg til.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning/praksis og erfaring kan også søkje.
- Gode samarbeidsferdigheiter.
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa.
- Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B er eit minimum.
Personlege eigenskapar
- Du er tillitsskapande og innkluderande. Du er stabil, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du er motivert, engasjert og strukturert, og søkjer eigen kunnskap innanfor fagfeltet.
- Du kan samarbeide, men likevel arbeide sjølvstendig.
- Du evnar å sjå gevinsten av tverrfagleg samarbeid, og andre samarbeidsinstansar.
- Du er tålmodig og evnar å sjå det individuelle behovet for å nå målsettingar.
- Du likar å arbeide med menneske og skapar lett tillit hjå andre.
- Tidlegare erfaring i arbeid med ulike diagnosar.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Ved intern tilsetting kan andre tilsvarande stillingar verte tilbudt.
Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Marit Gjærdingen
Leiar Lund
Telefon:90106617
E-post:[email protected]
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.