Vikariat for trusopplærar

 

 

  • Vestnes Kyrkjelege Fellesråd
  • Myra 3, 6390 Vestnes

 

DEN NORSKE KYRKJA

Vestnes kyrkjelege fellesråd
Det er ledig vikariat i 80% stilling som

TRUSOPPLÆRAR / KYRKJELYDSPEDAGOG

Stillinga er ledig frå 01.02.2024-12.11.2024

Vestnes kommune ligg sentralt til, med korte avstandar til Molde, Åndalsnes og Ålesund. Høge fjell og djupe fjordar gjev høve til rike naturopplevingar i fjellet og på sjøen. M.a. er Ørskogfjellet ein populær utfartsstad for friluftsliv.

Vestnes kyrkjelege fellesråd femner fem sokn i Vestnes kommune. Sokna er knytt til Fiksdal kyrkje, Vestnes kyrkje, Tresfjord kyrkje, Vike kyrkje og Vågstranda kyrkje.

Staben består av kyrkjeverje, 2 prestar, diakon, kyrkjelydspedagog, kantor, sekretær og kyrkjetenar.

Det er utarbeidd planer for alle sokna i Vestnes, i tråd med trusopplæringsreforma i Den Norske kyrkja – «Størst av alt».

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp dei vedtekne planane.
  • Leie og utvikle trusopplæring, i samarbeid med sokneråda.
  • Planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak i samarbeid med staben
  • Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
  • Ta del i gudstenester som er relevante for stillinga
  • Skape rom for born og unge i kyrkja

 

Kvalifikasjonar:

  • Kristendomsfagleg, pedagogisk- eller anna relevant utdaning
  • Erfaring frå arbeid med born og unge
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å arbeide i team
  • Evne til å organisere, arbeide målretta og strukturert
  • Personen må vere eigna for stillinga.
  • Tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) må leggjast fram ved tilbod om stillinga.

 

Anna:

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsordning i KLP
  • Må disponere bil
  • Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Dersom det er ønskeleg for den aktuelle søkaren kan det være aktuelt med inntil 20%stilling i tillegg til vikaritatet på 80%, som fyllast opp med arbeid med konfirmantane lønna av bispekontoret.
  • Relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.

For meir informasjon, kontakt Ingvild Venås Sanchez, trusopplærar på tlf.

414 72908, eller Olav Egil Tomren, kyrkjeverje på tlf. 916 29416.

Søknad, vedlagt attestar, referansar og vitnemål sendast pr. e-mail til følgjande adresse: [email protected]

Søknadsfrist: 25.11.23

 

Om arbeidsgiveren

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Menighetspedagog
  • Antall stillinger: 1
  • Oppstart: Etter avtale
  • Ansettelsesform: Vikariat
  • Heltid/deltid: Heltid
  • Sektor: Offentlig
  • Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
  • Arbeidstid: Dagtid, Kveld

 

Søk på jobben

 

Kontaktperson for stillingen

Olav Egil Tomren, kyrkjeverge
91629416
[email protected]

Del stillingen

Selskap

Vestnes kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

November 25, 2023