LAK – LAKSEVÅG OG BERGEN MARITIME VGS, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstilling i maritime fag – Dekk

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 410 elevar. Skulen har totalt 27 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen Brønnteknikk, Kjemiprosess og laboratoriefag og Maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum.

Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 1. august 2024:

  • 100% fast stilling som faglærar i maritime fag.
  • Vi søkjer etter kandidatar som har D5 sertifikat eller høgare.
  • Undervisninga er i hovudsak lagt til VG2 maritime fag.
  • Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 01.04.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling i maritime fag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4778769131

Arbeidsoppgåver

Undervisning i maritime fag.

Kvalifikasjonar

  • D5 sertifikat eller høgare.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Liker å arbeide med ungdom

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Odd Frantzens Square 5, Vestre Strømkaien 19, 5008 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

Geir Jakobsen, avdelingsleiar
Telefon:  922 80 836

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Geir Jakobsen
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 922 80 836

Lokasjon

  • Laksevåg

Søknadsfrist

April 1, 2024