Maritim trafikkleiar – Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø
«Kystverket har fem sjøtrafikksentralar, desse er plassert i Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og Vardø. Vardø sjøtrafikksentral dekker området definert som norsk økonomisk sone utanfor grunnlinja frå svenskegrensa til grensa der norske og russiske økonomiske soner møtest, samt Svalbard og Jan Mayen.»
Det er ledig stilling som maritim trafikkleiar – Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø. For nærare opplysningar om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar sjå teksta under
Arbeidsoppgåver
- Maritim trafikkovervaking
- Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
- Varslings- og beredskapsoppgåver
- Utferding av navigasjonsvarsel
- Administrative oppgåver må påreknast
- Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
- Ha løyst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
- Aktuell og allsidig maritim erfaring
- Gode datakunnskapar
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
- Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
- Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
- Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjersle
- Fleksibel og løysingsorientert
- God sjølvinnsikt
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Søkaren må opplyse om:
- Tre referansar
Vi tilbyr
- Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Ferieheimsordning på nokre av Kystverket sine fyr, samt andre gode velferdstiltak
- Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46-56, kr. 420 700 – 496 100, samt tillegg etter
- Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket
- Det er utarbeidd eigne retningsliner for å oppnå og oppretthalde tenestebevis og autorisasjon, som maritim trafikkleiar
Andre opplysningar
- Sjøtrafikksentralane er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga . Skiftordninga er for tida 14 dagar på og 28 dagar av
- Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar. Opplæringa har to delar:
- Eit sentralt kurs for å få tenestebevis som maritim trafikkleiar.
- Ei lokal opplæring på sjøtrafikksentralen.
- Begge prøvene må gennomførast med tilfredsstillande resultat og er eit krav for å kunne arbeide på sjøtrafikksentralen.
- Arbeidsstad for stillinga: for tida Vardø.
- Dato for test: 11. august (Gardermoen)
- Dato for intervju: 20. august (Gardermoen)
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss. Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta.
I løpet av 2020 kan det bli stilt krav om sikkerhetsklarering for denne stillingen. Det vil bli gitt ytterligere opplysninger om hva dette innebærer ved et eventuelt intervju.
Søknadsfrist: 08.07.2020
Arbeidsgivar: Kystverket
Stad: Vardø
Stillingstittel: Maritim trafikkleiar – Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4240060136
Stillingar: 1
Arbeidsstad Egede Nissens gate 4, 9950 Vardø
Kontaktinformasjon
Ståle Sveinungsen, Sjøtrafikksentralsjef
+47 957 66 884
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.