Vindafjord kommune

 

Logoped PPT Etne og Vindafjord

 

Logoped 100% vikariat frå 01.08.2024 til 09.05.2025

Stillinga er plassert i Pedagogisk-psykologisk teneste for Etne og Vindafjord, der Vindafjord er vertskommune for Etne kommune. PP-tenesta er ei verksemd med 7 fagstillingar i tillegg til leiar og merkantil, der ein av stillingane er som logoped. PP-tenesta er organsiert under skuleeigar i Vindafjord kommune.

Vårt team består av ein engasjert, modig og framoverlent gjeng med eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige fagpersonar. Me er opptekne av inkluderande praksis som ser samanhengen mellom det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske.

Me støttar barnehagar og skular med å leggje opplæringa betre til rette for å fremma inkludering, utvikling og læringsutbytte for barn og elevar. Dette skjer gjennom førebyggjing og tidleg innsats. I det forebyggjande arbeidet har me som mål å bidra til kompetanseutvikling og robuste system i konteksten som barnet/eleven er ein del av. PP-tenesta har også ei sakkyndig rolle som inneber utarbeiding av sakkyndig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det.

Stillinga vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med logopedisk rettleiing og oppfylgjing i barnehage og skule, samtalar med barn og unge og systemretta arbeid knytt til språk i barnehagar og skular i Vindafjord kommune. Me legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebyggjing, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid.

Hovudarbeidsoppgåver:

Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskulen
Rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule
Arbeid med utgreiing: Utgreiing av språk og talevanskar, rapportskriving og deltaking i tilbakemeldingsmøter
Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team m.m.
Rettleiing på systemretta arbeid med språk i barnehagar og skular

Kvalifikasjonar:

Logoped/master i logopedi
Gode skriftleg framstillingsevne, administrasjonsspråket i Vindafjord kommune er nynorsk

Personlege eigenskapar:

Ansvarsbevisst
Fleksibel
God kommunikasjon og samarbeidsevne
Kvalitetsorientert
Lojal
Løysingorientert
Positiv
Punktleg og påliteleg
Sjølvstendig
Strukturert
Tydedeleg
Målretta

Ønskjeleg:

Grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn

Anna:

Søkjar må kunna bruka eigen bil i tenesta

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Tilbod om gunstig mobilabonnement
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillinga her.

 

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 31.07.2024

Tiltreding: 01.08.2024

Arbeidsstad: Ølen

 

Kontaktpersonar:

Nils Erik Eide

tlf: +47 98286872

Sonja Hundseid Lærdal

tlf: +47 53655712  mob: +47 92080622

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/ppt
Adresse: Rådhusplassen 1 5580 Ølen

 

Vindafjord kommune PPT

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Nils Erik Eide
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 982 86 872
  • Sonja Hundseid Lærdal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 53655712 mob: +47 92080622

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Juli 31, 2024