Leiar NAV Hyllestad
Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som leiar for NAV Hyllestad. Vi ser etter deg som er glad i folk, samfunnsengasjert og relasjonsbyggar. Å arbeide i NAV vil gje deg varierte og meiningsfulle oppgåver kvar dag.
Som NAV-leiar vert du kommunalt tilsett og du vil få kontorstad i kommunehuset på Hyllestad. I tillegg til leiarstillinga har vi to sakshandsamararstillingar til i kontoret som du får leiaransvar for. Ansvarsområdet kan bli endra som følgje av eventuelle endringar i oppgåveløysing i kommunen og/eller regionen i komande år. Til stillinga ligg både leiing og sakshandsaming, både på statleg og kommunalt område. NAV-leiar rapporterer til kommunalsjef helse- og omsorg i Hyllestad kommune og regionleiar i NAV Sunnfjord.
Hovudarbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativt ansvar for NAV Hyllestad, inkludert økonomi-, budsjett- og personalansvar
- Ivareta NAV sitt samfunnsoppdrag
- Utvikle velferdstenestene i NAV Hyllestad, og i regionen elles, med særleg fokus på likeverdige tenester og brukarane sine behov
- Aktiv kontakt med næringsliv, offentlege etatar og organisasjonar
- Motivere og bidra til å utvikle medarbeidarane gjennom kompetanseutvikling, meistringsorientering og tillitsbasert leiing
Kvalifikasjonar
- Du må ha fullførte relevant utdanning tilsvarande minimum bachelor. Relevant leiarerfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Du må ha god forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag.
- Du må ha god kunnskap om bruk av digitale verktøy og utvikling av desse
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort for personbil
- Det er ønskjeleg at du har formell leiarutdanning og/eller erfaring som leiar
Personlege eigenskapar
- Du er ein god relasjonsbyggar som likar å arbeide med folk i ulike livssituasjonar
- Du er engasjert i utvikling av tenester til innbyggjarane og arbeidslivet
- Du har ei forståing for leiarrolla på ein måte som skaper tillit, engasjement og motivasjon
- Du kan arbeide sjølvstendig, men samstundes ha gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
- Du er fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skape betre løysingar for brukarane
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi kan tilby
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning i KLP, 2 % av løna vert trekt i pensjon
- Hjelp til å finne bustad, eventuelt hjelp til å finne arbeid til partnar
- Bustadtilskot til førstegangsetablerarar i kommunen, etter eigne reglar
- Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
Velkomen som søkjar!
NAV Hyllestad
NAV Hyllestad er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Hyllestad kommune. NAV Vestland er inndelt i ni regionar etter bu- og arbeidsområde. NAV Hyllestad er ein del av region Sunnfjord, saman med kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll og Fjaler. Både stat og kommune vil vere involvert i arbeidet med å utvikle NAV Hyllestad slik at ein kan levere heilskaplege og likeverdige tenester for innbyggjarane og verksemdene i kommunen, samt samarbeid med andre kommunar og instansar i regionen.
NAV sitt samfunnsoppdrag
NAV er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. I NAV samarbeider stat og kommune om å tilby ei dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene.
NAV sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk sikkerheit, og fremje overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skape eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad. NAV tilbyr teneter, ytingar og stønad til både privatpersonar og arbeidsgjevarar.
- Referansenr: 058649077
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 06.08.2023
- Arbeidsstad: Hyllestad
Kontaktpersonar:
Gjermund Flage, kommunedirektør
tlf: +47 57789546
mob: +47 93218780
Magne Kjetil Berg, leiar NAV Sunnfjord
mob: +47 99241911
Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no
Hyllestad kommune
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.
I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info