Øystese kan mista lokalt stasjonert brannberedskap

Kvam Brann og redningsteneste

Leiar førebyggande

 

Vil du bli vår nye leiar førebyggande?

Kvam brann- og redningsteneste er på jakt etter ny leiar for brannførebyggande avdeling i kommunen. Du vil få i oppgåve å leia kommunen gjennom ei spanande tid, og ta vare på det gode arbeidet som er utført i avdelinga tidlegare, samstundes som det og må leggjast til rette for ei best mogleg utnytting av det førebyggande informasjonsarbeidet som vert utført gjennom Vest brann- og redningsregion. Stillinga er spannande, omfattande og gjev moglegheit for personleg utvikling.

For meir informasjon om korleis Kvam brann- og redningsteneste er organisert, sjå brannordninga til kommunen. Brannordning Kvam

Søknadsfrist: 03.04.2022
Arbeidsgivar: Kvam herad
Stad: Norheimsund
Stillingstittel: Leiar førebyggande
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4496801820

Arbeidsoppgåver

Brannsjefen sin stedfortredar og fagleg rådgjevar i førebyggande spørsmål
Planleggja, koordinera og leia brannførebyggande aktivitetar og sakshandsaming.
Systematisk forbetringsarbeid for å sikra etterleving av krav i lover, forskrifter, avtaleverk og interne rutinar
Delta i arbeid med risiko- sårbarheitsanalyse, førebyggande- og beredskapsanalysar.
Bidra til eit godt samarbeid og auka kompetanse innan brannførebygging hjå kommunen og andre aktørar
Oppfølging og samarbeid med feiar i kommunen
Delta i operativ beredskap, inkludert inngå i rullerande vaktordning som innsatsleiar brann i kommunen
Andre arbeidsoppgåver relatert til brannførebyggande arbeid og administrasjon av brann og redningstenesta

Kvalifikasjonar

Oppfylla krav i “Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften)”§ 43, eller vera i stand til å oppfylla desse krava innan kort tid.
Det er ynskeleg med universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå
Førarkort kl. B og kompetansebevis for utrykningskøyring (kode 160), eller er villig til å tilegna seg dette.
Det er ynskeleg med kjennskap til offentleg sakshandsaming, risikoanalysar og beredskapsplanar.
Det er ynskeleg med erfaring med bruk av lovverk og forskrifter.
Ved tilsetjing må det leggjast fram utvida politiattest
Det er krav om tilfredsstillande helseattest

Personlege eigenskapar

Evne og vilje til å ta ansvar og jobba sjølvstendig og strukturert
Høg interesse for systemarbeid og analyse
Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
God på samarbeid og relasjonsbygging
God operativ forståing og handlekraft
Resultatorientert med evne til strategisk og heilskapleg tenking
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Godt arbeidsmiljø

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Torleif Ones, Leiar Kvam brann og redning
901 46 975

Lars Ese Ur, Teknisk sjef
979 55 054

 

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

 

Del stillingen

Selskap

Kvam herad

Lenke til firma

https://www.kvam.no/

Kontaktinfo

  • Torleif Ones
  • Tittel: Leiar Kvam brann og redning
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 901 46 975
  • Lars Ese Ur
  • Tittel: Teknisk sjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 979 55 054

Lokasjon

  • Norheimsund

Søknadsfrist

April 3, 2022