Osterøy kommune søkjer ny leiar til Familiens hus!
Leiar Familiens hus
Me søkjer deg som er framoverlent, engasjert og dyktig til å bli vår nye leiar for Familiens hus!
Familiens hus er lokalisert i Lonevåg på Osterøy. Ei av Nordeuropas største innlandsøyer! Anten du bur på Osterøy eller på fastlandet er Lonevåg aldri langt unna. Frå Åsane brukar du ein snau halvtime og frå Arna er du framme på om lag 20 minutt med bil. Og køen går motsatt veg – både til og frå jobb! Om du nyttar Osterøybrua frå Arna eller om du nyttar ferjesambandet på Valestrand er opp til deg, her er moglegheitane mange.
Familiens Hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod som organisatorisk er lagt til sektor for Oppvekst, undervisning og kultur. Familiens Hus organisera Osterøy helsestasjon, Pedagogisk psykologisk teneste, barnevernstenesta og barn- og familieteamet. Målet med Familiens Hus er styrking av tilbodet til born, unge og familiar gjennom auka samhandling mellom tenester til målgruppa. Arbeidet i Familiens Hus skal legge til rette for tidleg innsats og støtte til barn og familiar. Leiar for Familiens Hus vil vere leiar for tenestene som er lagt til eininga med eit fag-, personal- og økonomiansvar. Leiar for Familiens Hus er ein del av sektorleiar si leiargruppe.
Stillinga er ledig frå 01.10.2022!
Kanskjer er det deg vi er på jakt etter? Ta gjerne kontakt!
Kva kan vi tilby?
- Hos oss får du varierte og spennande arbeidsoppgåver!
- Du får gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte i KLP og Gjensidige forsikring
- Løn etter avtale
- Ein varierande arbeidsdag i eit hektisk men hyggeleg og godt miljø
- Godt motiverte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Kva skal du gjere hjå oss som leiar for Familiens hus?
– Bidra til at organisasjonen når overordna visjon, strategi, mål og planar
– Vere ein pådrivar og delta i å utvikle tenestene i Familiens Hus
– Sikre kunnskapsbaserte tenester i tråd med gjeldande lovar, forskrifter og retningsliner
– Gjennomføre kvalitetsarbeid som internkontroll og risikostyring
– Bidra i organisasjonsendringsprosessar i eigen eining
– Gjennomføre HMT-arbeid med fokus på førebygging og oppfølging av sjukefråvær
– Samla fagleg-, personal- og økonomisk ansvar for tenestene i eininga
– Koordinering av tenester til born, unge og familiar
– Vidareutvikling av Familiens Hus i tråd med nasjonale og lokale målsetjingar
– Teambygging og informasjonsarbeid
– Lista over arbeidsoppgåver er ikkje uttømmande
Vi søkjer deg som har følgjande kompetanse:
- Sosialfagleg, helsefagleg eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Relevant tilleggsutdanning er ønskjeleg
- Formell leiarutdanning og -erfaring vert vektlagt
- Erfaring frå prosjektarbeid og leiing
- God kunnskap om offentleg verksemd og om fagområdet
- Grunnleggjande IKT-kompetanse er ein føresetnad
Vi søkjer deg med personlege eigenskapar som:
– er ein samlande person, med sans for fleirfaglege løysingar
– er ein reflektert og tydeleg leiar
– kan motivere og utvikle medarbeidarar
– har evne til å skapa relasjonar
– har evne til samarbeid og kommunikasjon
– kan arbeida analytisk, strukturert og systematisk
– har endringsfokus og vilje
– God skriftleg og munnleg formidlingsevne
– Høg arbeidskapasitet
Anna informasjon:
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad bes du ta kontakt med servicekontoret vårt på telefon 56 19 21 00.
Send søknad på stillingen her.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 14.08.2022
Tiltreding: 01.10.2022
Arbeidsstad: Lonevåg
Kontaktpersonar:
Olaf Hella
tlf: +47 56 19 21 00 mob: +47 474 62 749
Heimeside:
/www.osteroy.kommune.no/
Adresse: Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG
Osterøy kommune
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna