Askvoll kommune Helse

Askvoll kommune Helse

Ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar, 2. gangs utlysing

 

Askvoll kommune har ledig stilling som leiande helsesjukepleiar/ helsesjukepleiar i 100% fast stilling
Er du helsesjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helsestasjonen i Askvoll kommune inneheld jordmorteneste og helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste og helsestasjonsteneste for flyktningar. Helsestasjonen legg vekt på tidleg innsats, der fleire tenester og faggrupper jobbar saman for å nå fellses mål. Leiande helsesjukepleiar er fagleg leiar for helsestasjonsarbeidet, inkludert jordmortenesta. Arbeidsområdet vil vere arbeid knytt til barn- og unge ved helsestasjonen og i skulehelsetenesta, i tråd med Nasjonalfaglege retningsliner for Helsestasjons- og skulehelsetenesta. Helsestasjonen er lokalisert i fine lokalar i sentrum av Askvoll, i tilknyting til Askvoll legesenter.

Ved interne søkarar til leiande helsesjukepleiar kan det bli ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar.

Arbeidsoppgåver:

Helsefremmande og førebyggande oppgåver i samsvar med nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
Helsestasjonskontrollar av barn i aldersgruppen 0-5 år, gjennomføring og oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet
Skulehelseteneste, med oppfølging av elever individuelt og undervisning i grupper/ klassar
Helsestasjon for ungdom
Flyktninghelseteneste
Tverrfagleg samarbeid
Plan og systemarbeid

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som helsesjukepleiar
Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar og sjukepleiar med relevant vidareutdanning kan tilsettast midlertidig, i helsesjukepleiarstillinga, ved internt opprykk.
Ynskjeleg med erfaring frå helsestasjon og eller skulehelsetenesta
Ynskjeleg med erfaring med foreldrerettleiing
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Den som blir tilsett må ha førarkort
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar:

Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er sjølvstendig, positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
Like utfordringar og er løysingsorientert
Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Noko kveldsarbeid kan førekomme i samband med deltaking på foreldre møter
Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for helsesjukepleiar
Lønn etter KS tariff
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Søk på stilling her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 23.10.2023

 

Tiltreding: 01.11.2023

Arbeidsstad: Helsestasjonen

 

Kontaktpersonar:

Olaug Søreide

tlf: +47 57734619 mob: 99290964

 

Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll

 
Askvoll kommune Helse

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

 

Del stillingen

Selskap

Askvoll kommune

Kontaktinfo

  • Olaug Søreide
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57734619 mob: 99290964

Lokasjon

  • Askvoll

Søknadsfrist

Oktober 23, 2023