Lege – arbeidsretta rehabilitering

 

Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Teneste ved AiR _ Klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

Vår profesjon:

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverka til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.

  • AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
  • Klinikken har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.
  • Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken.

Arbeid- og ansvarsområde:

Medverka til å styrka ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:

  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid

Faglege kvalifikasjonar:

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Me tilbyr:

  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs og lignende
  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

 

Søknadsfrist snarast – me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.

 

For meir informasjon, kontakt:

Fungerande klinikkleiar Siri Mørch tlf. +47 474 63 408 eller

Nestleiar klinikk, Jon Hovda på tlf. 35 06 28 00.

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

 

Om arbeidsgiveren

Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet. AiR har totalt fem stillingar for legar.

Del stillingen

Selskap

Rehabiliteringssenteret AiR as

Kontaktinfo

  • Siri Mørch
  • Tittel: Fungerande klinikkleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. +47 474 63 408
  • Jon Hovda
  • Tittel: Nestleiar klinikk
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 35 06 28 00

Lokasjon

  • Rauland

Søknadsfrist

Oktober 10, 2020