Ledige undervisingstillingar – Sogn Jord- og Hagebruksskule
SJH – SOGN JHS, Vestland fylkeskommune
Om stillinga
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 12.05.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Aurland
Stillingstittel: Ledige undervisingsstillingar ved Sogn- jord og hagebruksskule
Stillingar: 1
Tilsetjingsform: Fast
Webcruiter-ID: 4772431601
Startdato: 01.08.2024
Arbeidsoppgåver
Frå 1. august 2024 har skulen ledige desse faglærarstillingar:
- 20% stilling faglærar Norsk Yrkesfag Vg2
- 30% stilling faglærar Gardsdrift Vg3, forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på rekneskap og landbruksøkonomi
- 20% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (foredling) og Naturbasert Næringsutvikling Vg3
- 15% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (drift og vedlikehald)
Ansvars- og arbeidsområde
– ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
– aktiv deltaking i tverrfaglege team
– aktiv i utviklingsarbeid innan fagområde
Kvalifikasjonar
– godkjent pedagogisk og fagleg utdanning innan fagområdet
– relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
– kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
Personlege eigenskapar
– interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
– gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
– strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
– god kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
– interesse for å dele kunnskap med kollegaer
– utviklingsorientert innafor eige fagområde
Vi tilbyr
– triveleg arbeidsmiljø
– fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
Adresse: Skulevegen 24, 5745 Aurland, Norge
Kontaktinformasjon
Børre Solberg, rektor
Telefon: 412 19 505
E-post: borre.solberg@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.