Header Ulstein sommar

 

Ledige lærarstillingar

 

Ulstein kommune søkjer fleire lærarar til stillingar i barneskulane våre. Du kan lese meir om skulane her.

Vi har ledig:

– Ei fast stilling i 100% – med tilsetting frå 01.01.24
– 5 vikariat i 100% – tre av dei med tilsetting så snart som råd – to vikariat med tilsetting frå 01.01.24

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 22.10.2023
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
Stad: Ulsteinvik
Stillingstittel: Ledige lærarstillingar
Stillingar: 6
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast, Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4715754168

Arbeidsoppgåver

  • Dei som vert tilsette ved Ulsteinskulen må ha eit positivt og godt elevsyn, arbeide godt i team og vere ein positiv bidragsytar i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap.
  • Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å undervise og i tillegg fremje eit godt samarbeid mellom skule og heim. Du må jobbe i tråd med skulen sine planar og vere ein god klasseleiar med evne og vilje til å skape gode relasjonar til elevar og føresette.

Kvalifikasjonar

  • Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting, jf. forskrift til opplæringslova, kapittel 14
  • Det er ein fordel om du har utdanning 1 – 7, eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god klasseleiar, og har evne og vilje til å skape gode relasjonar til elevar og føresette
  • Du må ha godt humør, arbeidsglede og engasjement for lærarjobben
  • Du har evne til å reflektere over eigen praksis, åleine og i lag med andre
  • Du trivast med å vere i eit miljø i utvikling og endring
  • God kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet vert vektlagt
  • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Løn etter sentral Hovudtariffavtale
  • Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med arbeidsglede og humør
  • Dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse: Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik, Norge

 

Kontaktinformasjon

Synnøve Haug, Rektor
Telefon:  918 70 682

Vibeke Vigestad Berge, Rektor
Telefon:  951 45 217

Hedvig Haakonsholm, Rektor
Telefon:  986 44 824

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

 

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kontaktinfo

  • Synnøve Haug
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 918 70 682
  • Vibeke Vigestad Berge
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 951 45 217
  • Hedvig Haakonsholm
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 986 44 824

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Oktober 22, 2023