Vestnes legesenter

 

Ledig vikariat som fastlege

 

 

 

Naturskjønne Vestnes Kommune ligg 40 min. frå fjelltindane i Rauma og Åndalsnes, 35 min. vakker ferjetur frå Molde og 50 min. køyretid frå byliv i Ålesund. Vestnes kommune har ledig vikariat då vår fastlege i allmennpraksis skal ut i permisjon frå 20. november 2023 til 25. august 2024. Ønskjer du å bli med på laget saman med oss?

Legesenteret er kommunalt drive med god dekning av helsesekretær og laboratorium med bioingeniør. Vi flytta inn i heilt nye og moderne lokal i april 2021. På listestorleiken til alle fastlegane er staben auka frå 7 til 8 fastlegar i tillegg til LIS1. Til stillinga kan det knytast kommunale oppgåver inntil 7,5 timer/veke.

Søkarane kan velge mellom næringsdrift, kommunal tilsetting eller ALIS-stilling. Kommunen er godkjent som utdanningsinstitusjon. Som næringsdrivande er det kommunal 8.2 avtale med fast husleige som utgjer ca. 90 % av basistilskotet. Det er ingen investeringskostnader. Fastlønn ligger i dag på kr. 1 200 000. Fastlønna lege får utbetalt en bonus på 30 % av inntekter.

Legesenteret har flat struktur og ei «open-dør» for fagleg rådgjeving legane mellom. ALIS og leger som startar utdanningsforløp i allmennmedisin vil få tildelt eigen rettleiar. Vi har fredagsmøte kvar veke med internundervisning i smågruppe eller drøfting av utfordringar. Vi har også avtale med kommunen om inntil 10 kursdagar per år med kompensasjon av kursavgift.

Vestnes Kommune har for tiden vaktsamarbeid med nabokommunar på Ørskog på ettermiddag/helg og med Ålesund kommune natt. Per i dag er vaktbelastninga på ettermiddag/helg på 10-delt. Belastninga kan det neste året bli betre ved oppretting av ny heimel i kommunen og retur av legar frå foreldrepermisjon. Legar som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse ift norske retningslinjer vil få tildelt bakvakt.

I rammeavtalen inngår rett til barnehageplass uavhengig av hovudopptaket. Kommunen er behjelpelig å bistå i høve bustad.

 

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege eller ha fullført LIS1 ved tidspunkt for oppstart. Det vert krevd språklege kvalifikasjonar tilsvarande C1, men dette gjeld ikkje søkarar frå Skandinavia. Det er krav om førarkort klasse B.

 

Tilsettingsvilkår

Lønns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk, evt. etter avtale. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Personleg eignaheit blir vektlagt.

 

Referanser

Oppgi referanser

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Ledig fastlegestilling

 

 

Søk her

 

 

 

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Jobbtype: Vikariat
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Stillingstype: Heiltid/Deltid
  • Søknadsfrist: 20.09.2023
  • Tiltreding: 20.11.2023
  • Arbeidsstad: Vestnes legesenter

 

Kontaktpersonar:

Elly Christine Volsdal Slettvoll
mob: 901 58 565

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Brugata 6 6390 Vestnes

 

 

Vestnes legesenter

Vestnes legesenter er lokalisert i sentrum av Vestnes kommune. Vestnes ligg idyllisk til, midt i Møre og Romsdal. Her er det kort avstand til nabobyane Molde og Ålesund, samt 30 min. unna Åndalsnes/Rauma. I Molde og Ålesund er det flyforbindingar til resten av landet, medan Åndalsnes har togstasjon. Vi er stolt av den flotte naturen vår med Romsdalsalpane i eine enden og Sunnmørsalpane i andre enden av kommunegrensa. Det er kort veg til attraksjonar som Rampestreken, Romsdalseggen, Trollstigen, Geiranger, Atlanterhavsvegen m.fl. Kommunen er ein båtbyggarkommune med fleire store skipsverft. Det har dei siste åra vore fokus på utvikling av næringslivet med fleire støtteordningar til lokale gründerverksemder. Les meir om den flotte kommunen vår på ivestnes.no

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Elly Christine Volsdal Slettvoll
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 901 58 565

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

September 20, 2023