Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert – frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen er organisert etter ein to-nivå-modell både politisk og administrativt, er utviklingsorientert og har gode styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Fagleiar landbruk og natur – landbrukssjef
Søknadsfrist14.03.21