Hyllestad kommune

 

Landbruksrådgjevar

 

Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som landbruksrådgjevar frå 1.7.2020 (ev. tiltreding etter nærare avtale).

Då noverande sakshandsamar har bestemt seg for å ta ut pensjon, søkjer vi etter ein ny person i stillinga som kan arbeide med rådgjeving og forvaltning innanfor jordbruksfagleg/landbruksfagleg tenesteområde. Stillinga er organisatorisk i avdeling for plan og utvikling, som er underlagt kommunedirektøren sitt ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver

Landbruksforvaltning, inkl. sjukdomsavløysing i landbruket
Arbeide for eit bærekraftig og miljøvennleg landbruk, kulturlandskapsforvaltning
Vilforvaltning
Veterinærordninga
Administrasjon av ulike tilskotsordningar
Bidra i arbeidet med rullering av kommuneplan, særleg arealdelen
Utviklingsoppgåver og planarbeid
Prosjektarbeid
Andre oppgåver kan vere aktuelle avhengig av kompetanse og kommunen sitt behov

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning frå høgskule/universitet er ønskjeleg
Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid i kommunal sektor
Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

Du er sjølvstendig, strukturert og målretta
Du er engasjert, nytenkande og likar å «snakke med folk»

Vi kan tilby

Spennande og varierte oppgåver
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
God pensjonsordning

 

Søknadsfrist: 13.04.2020

 

Tiltreding: 01.07.2020
Referansenr: 656492090
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast  Heiltid/Deltid: Heiltid  Arbeidstid: Dag
Arbeidsstad: Hyllestad kommunehus

 

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504  mob: +47 90507908

Gunn Lerøy
tlf: +47 57789502  mob: +47 45211775

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

 

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor,
bogeskyting med meir.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

Del stillingen

Selskap

Hyllestad kommune

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon i utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Hyllestad

Søknadsfrist

April 13, 2020