Undervisningsstilling i mekaniske fag
LAK – LAKSEVÅG OG BERGEN MARITIME VGS, Vestland fylkeskommune
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 480 elevar. Skulen har totalt 31 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.
Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 1. desember 2024:
Fast stilling som faglærar i mekaniske fag .
Vi søkjer etter kandidatar som har mekanisk bakgrunn.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 22.09.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Bergen
Stillingstittel: Undervisningsstilling i mekaniske fag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4857293117
Arbeidsoppgåver
Undervisning på vg1 teknologi- og industrifag og vg2 industriteknologi
Kontakt med næringslivet
Kvalifikasjonar
Mekanisk bakgrunn med fagbrev.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Ved manglande pedagogisk og/eller fagleg kompetanse vil det bli lagt til rette for etterutdanning.
Personlege eigenskapar
Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
Gode kommunikasjonsevner
Gode samarbeidsevner
Strukturert
Sjølvstendig
Fleksibel
Liker å arbeide med ungdom
Vi tilbyr
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
- Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Adresse:Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Jan Kåre Greve, rektor
Telefon: +47 916 80 978
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.