Kantinemedarbeidar
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 75 tilsette og omlag 480 elevar. Skulen har totalt 31 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum.
Ved skulen er følgjande stilling ledig:
80% fast stilling som kantinemedarbeidar.
Vi søkjer etter kandidatar som har relevant fagbrev og/eller relevant praksis.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Søknadsfrist: 06.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Bergen,
Stillingstittel: Kantinemedarbeidar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4858781839
Arbeidsoppgåver
- Klargjering av kald og varm mat
- Salg, renhold og andre oppgåver som naturleg høyrer til kantinedrift.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev og/eller relevant praksis
- Erfaring frå arbeid i kantine/storkjøkken.
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du bidreg til å skape gode relasjonar, både til elevar og kollegaer
- Du er en god rollemodell
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Liker å arbeide med ungdom
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
- Arbeidstid frå kl 0700 – 1300.
- 80% stilling men 71,2% lønn sidan stillinga følger skoleruten.
Andre opplysningar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Eirik Ørn
leiar administrasjon
Telefon:92489911
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.