Avdelingsleiar teknologi- og industrifag

 

LAK – LAKSEVÅG OG BERGEN MARITIME VGS, Vestland fylkeskommune

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 460 elevar. Skulen har totalt 30 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innafor teknologi- og industrifag tilbyr skulen brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag, industriteknologi og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg

Laksevåg og Bergen maritime vgs har ledig stilling som avdelingsleiar for teknologi- og industrifag frå 1. august 2024.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 23.06.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Avdelingsleiar teknologi- og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4824935016

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar skal:

Vere ein tydeleg og trygg leiar for avdelinga
Ha ansvar for elev- og personalsaker
Vere ein pådrivar for utviklings- og endringsarbeid i avdelinga
Ha ansvar for organisering, tilrettelegging og administrasjon i avdelinga
Legge timeplan/delta i arbeid med ressurs- og timeplanlegging i VIS

Kvalifikasjonar

Pedagogisk utdanning
Ønskjeleg med relevant fagleg erfaring
Ønskjeleg med leiarerfaring frå vidaregåande skule
Ønskjeleg med erfaring frå skulesystemet VIS
God digital kompetanse
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Innsikt i regelverk frå vidaregåande skule

Personlege eigenskapar

Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er lyttande
Du er fleksibel og initiativrik
Du har høg arbeidskapasitet, effektiv og er ambisiøs på skulens vegne
Du har god gjennomføringsevne
Du er ein open, tydeleg og tillitsskapande leiar for dine tilsette
Du er ein utviklingsorientert bidragsytar i leiargruppa

Andre opplysningar

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Vi tilbyr

Gode forsikrings- og pensjonsordningar
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse: Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

Jan Kåre Greve, rektor
Telefon:  +47 916 80 978

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Jan Kåre Greve
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: +47 916 80 978

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Juni 23, 2024