MWANVIK-VLFK-DSF8093-10518414-Foto_Morten__Wanvik_1920

Lærer med spesialpedagogisk utdanning

 

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.
Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolte av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

 

  • Søknadsfrist: 28.02.2024
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Skogsvåg
  • Stillingstittel: Lærer med spesialpedagogisk utdanning
  • Stillingar: 2
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4749671149
  • Startdato: 01.05.2024

 

Arbeidsoppgåver

Undervisning i tilrettelagte grupper og eventuelt Helse og oppvekstfag. Praktisk og teoretisk undervisning tilpassa elevane. Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med foresette og andre støttefunksjonar. Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i fagfeltet og legge til rette for overgang til tilrettelagt arbeid. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.

 

Kvalifikasjonar

  • Allmennlærar eller yrkesfaglærar med spesialpedagogisk utdanning.
  • Ønskjeleg med erfaring innan spesialpedagogisk arbeid i tilrettelagt opplæring.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner i møte med elever med særskilte behov og har et særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.
  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.

 

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Kari Lund Birkeland
avdelingsleiar
 Telefon:95819943

Erik Henneli
ass. rektor
 Telefon:95826077

Olav Lee
rektor
 Telefon:93034370

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kari Lund Birkeland
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 95819943
  • Erik Henneli
  • Tittel: ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 95826077
  • Olav Lee
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 93034370

Lokasjon

  • Skogsvåg

Søknadsfrist

Februar 28, 2024