Lærar i engelsk. Eitt års vikariat.

 

 

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og
studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre. Vi søkjer etter ein vikar i engelsk i 65% stilling for skuleåret 2024 / 2025.

 

Søknadsfrist: 12.06.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Straume
Stillingstittel: Lærar i engelsk. Eitt års vikariat.
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 65
Webcruiter-ID: 4820093139
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i engelsk.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.

 

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i engelsk, gjerne kombinert med andre fag som skulen tilbyr.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med mastergrad i engelsk.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Gode norsk- kunnskapar munnleg og skriftleg.

 

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.

 

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Jaspreet Kaur Gloppen
avdelingsleiar
 Telefon:41292347

Erik Henneli
Assisterande rektor
 Telefon:95826077

Olav Lee
rektor
 Telefon:93034370

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne eller seksuell legning. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Jaspreet Kaur Gloppen
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 412 92 347
  • Erik Henneli
  • Tittel: Assisterande rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 958 26 077
  • Olav Lee
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 930 34 370

Lokasjon

  • Straume

Søknadsfrist

Juni 12, 2024