Lærar engelsk
Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i Arna med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Desse programma er bygg-og anleggsfag, helse-og oppvekstfag, medium-og kommunikasjon, studiespesialiserande og medieproduksjon og informasjonsteknologi. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabiltert i 2018 og framstår som heilt ny. Frå hausten 2023 har skulen ledig stilling som engelsklærar. Stillingstorleik vil bli på minst 80%
- Søknadsfrist: 04.06.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Lærar engelsk
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Deltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 80
- Webcruiter-ID: 4653491971
Arbeidsoppgåver
Undervise i engelsk på yrkesfagavdelinga og innanfor dei studieførebuande utdanningsprogramma
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonar som lærar i engelsk. Minimum 60 studiepoeng i faget. Gjerne med fordjupning i faget på bachelor – eller masternivå
Personlege eigenskapar
Samarbeider godt med kolleger, foreldre og elevar
Tek omsyn til at elevane er ulike, og at dei er i ein utviklingsprosess både sosialt og fagleg.
Reflekterer rundt eigen praksis og ynskjer å utvikle den vidare
Vi tilbyr
Tilsetne fordjupinting på fylkeskommunale vilkår
Gode kolleger og godt elevmiljø
Liten skule i fine naturomgjevnader.
Fridom til å arbeide utforskande for å utvikle eigen praksis
Kontaktinformasjon
Svein Arne Nybø
ass. rektor
Telefon:90266798
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.