Lærar på Klepp ungdomsskule

 

Klepp kommune, Klepp ungdomsskule

Klepp ungdomsskule har ledig fast lærarstilling i 100 % frå 01.08.24

Alle lærarar kan søkja, men særleg dei som kan undervisa i engelsk.

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju.

Velkommen til ein spennande arbeidsplass!

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 16.06.2024
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Kleppe
Stillingstittel: Lærar på Klepp ungdomsskule
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4824818692

Arbeidsoppgåver

Undervisning på 8.-10. trinn
Kvalifikasjonar
Godkjent pedagogisk utdanning som kvalifiserar for undervisning på ungdomssteget
Erfaring med klasseleiing og undervisning er ønskeleg
Det vil bli vektlagt skulen sine behov og personlege eigenskapar
Før ein eventuelt tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram

Me ber om at alle attestar og vitnemål som er aktuelle for rett lønsplassering blir lagt ved søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Du har gode samarbeidsevner
Du er ein tydeleg klasseleier med fokus på gode relasjonar
Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert
Du er løysingsorientert, fleksibel og har evnen til å jobbe aleine
Du har høg arbeidskapasitet
Du har godt humør og tek ansvar for at dei rundt deg har det bra

Vi tilbyr

Vår visjon for elevane er å bli den beste du kan bli! Me ønskjer å vera trygge og tydlege vaksne for elevane, og engasjerte i heile menneske.
Klepp ungdomsskule er ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på samarbeidslæring og gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Skulen har gode system som gjer det enklare å bruka tid på å få til god læring.

Du blir ein viktig deltakar på eit godt lag på Klepp ungdomsskule!

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Stasjonsvegen 26B, 4352 Kleppe, Norge

Kontaktinformasjon

Sigurd Ravndal, Rektor
Telefon:  +47 928 68 154

 

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Del stillingen

Selskap

Klepp kommune

Kontaktinfo

  • Sigurd Ravndal
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 92868154

Lokasjon

  • Kleppe

Søknadsfrist

Juni 16, 2024