Lærdal sokneråd søkjer etter kyrkjetenar / gravplassarbeidar i 85 % stilling
Lærdal sokneråd lyser ut fast stilling i inntil 85 % som kyrkjetenar/gravplassarbeidar frå 01.04.24.
Lærdal sokneråd søkjer etter kyrkjetenar/gravplassarbeidar
Om stillinga
Fast stilling i inntil 85 % som kyrkjetenar/gravplassarbeidar.
Arbeidsdager: hovudsak dagtid, kveld og helg etter arbeidsplan.
Oppstart: 01.04.24, men gjerne litt før for opplæring.
Arbeidsoppgåver:
Praktiske oppgåver i samband med gudstenester, gravferder og andre kyrkjelege handlingar. Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar. I dette ligg reinhald, tilsyn og mindre vedlikehald av bygningar, teknisk anlegg, inventar og vaktmeistar oppgåver. Vedlikehald av gravplassar som plenklypping og snømåking
Utdanning:
Det er ønskeleg med fagbrev innan relevante fagområde. Relevant arbeidserfaring kan erstatte fagbrev.
Kvalifikasjonar:
- Du kan bidra med praktiske oppgåver ved gudstenester, gravferder- og andre kyrkjeleg handlingar.
· Du arbeider sjølvstendig og strukturert og likar praktiske gjeremål.
· Du kan samhandle og kommuninsere godt med andre tilsette og menneske i alle aldrar.
Anna:
Det er krav om medlemsskap i Den norske kyrkja, du må kunne nytte eigen bil mellom arbeidsplassane
Vi kan tilby:
Eit triveleg arbeidsmiljø, god opplæring, fleksibel arbeidstid, varierte arbeidsoppgåver og løn og arbeidsvilkår etter KA sin tariff.
Om arbeidsgjevaren
Lærdal sokneråd, Brattegjerde 2, 6887 Lærdal.
Alle soknekyrkjene og gravplassane i Lærdal.
https://www.kyrkja.no/laerdal
Kontaktperson for stillinga
Ellen Veum, kyrkjeverje tlf. 40 43 69 71
Send søknad med CV til: [email protected]
Søknadsfrist 02.01.24