Lærarvikarar

 

 

Samnanger barneskule treng lærarvikarar for skuleåret 23-24. I tillegg treng me ringevikarar.
Utlysinga gjeld vikariat for skuleåret 2023-2024. Er du den me ser etter som ynskjer å vera med oss på laget for å utvikla skulen vår vidare med desse verdiane? Skriv ein kortfatta søknad som skildrar kven du er.

Barneskulen er ein skule med om lag 210 elevar. Les meir her: http://www.minskole.no/samnanger

 

Dette er Samnanger barneskule:

  • Ligg flott til, ca 45 min frå Bergen, med nydeleg natur rundt skulen
  • Ungt og engasjert kollegie som løfter i flokk
  • Gode bygg og godt utstyrt skule
  • Trafikksikker skule med hjartesone
  • Visjonen er ein god stad å vera og ein god stad og læra

 

Me har saman arbeidd fram kjerneverdiar som skal visa att i vår praksis;

  • «Vi-skule», der vennskap og fellesskap står sterkt.
  • Leksebevisst skule, der meistring og motivasjon har fokus.
  • Samarbeid med andre. Me har eit felles ansvar for våre elevar.
  • Inkluderande skule gjennom anerkjenning, respekt, aksept for ulikskap og lyttar til elevane si røyst.
  • Livsmeistring ved å anerkjenna kjensler, god kommunikasjon og bry seg.

 

Nøkkelord: vår skule, våre elevar, kommunikasjon og relasjonar.

Skulen har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiane våre. Engasjerte elevar og kollegaer er verdiar me ynskjer å sjå i praksis Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trives på arbeidsplassen sin.

 

Arbeidsoppgåver

  • Kontaktlærar
  • Spesialpedagogikk
  • Undervisning i ulike fag

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning
  • Politiattest. jfr. Opplæringslova § 10-9
  • God nynorsk framstilling
  • God digital kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på eleven sitt beste
  • Du likar å leika, både ute og inne
  • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
  • Du er god på å skapa gode relasjonar
  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
  • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
  • Du samarbeider og kommuniserer godt
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

 

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar i tråd med sentral avtale
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i SPK si pensjonsordning. SPK tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Ynskje to relevante referanser.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Vikariat
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 20.08.2023
  • Arbeidsstad: Tysse

 

Kontaktpersonar:

Eli Kristin Berge
mob: +47 907 40 850

 

Heimeside:

/www.samnanger.kommune.no/innhald/skule-og-utdanning/skulane-vare/

 

Adresse:

Nesjavegen 17 5650 Tysse

 

Samnanger kommune Samnanger barneskule

Skulen ligg vakkert til og har funksjonelle og miljøvenlege bygg. Me har ca. 210 elevar. Skulen har eit stort og variert uteområde, eit flott skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.

Del stillingen

Selskap

Samnanger kommune

Kontaktinfo

  • Eli Kristin Berge
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 907 40 850

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

August 20, 2023