Lærarstilling på Vikedal skule
Me søkjer:
Er DU den me leitar etter? Kanskje på tide å byte arbeidsplass? Lei av å pendla langt, eller kanskje du likar å køyre bil å koble av med ein god podcast eller lydbok? Me på Vikedal skule er på leit etter DEG som er utdanna lærar!
Me kan tilby 100% fast stilling på Vikedal skule. Ein kan bli samde om kor det kan passa best å jobba, me er ein 1-10 skule, og me ser ut frå kva kompetanse du har kor det kan passa å jobba hjå oss. Dersom det er noko du lurar på er det berre å ta kontakt! I alle høve er du velkommen til å søkje, eller ta ein uforpliktande samtale.
Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som brenn for dette arbeidet og som likar å jobba med barn og unge.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Me søkjer etter lærar i totalt 100% stilling med kompetanse i blant anna fag som matematikk, musikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag. Andre fag kan også vera aktuelle.
Kvalifikasjonar:
- Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre og ser løysingar. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.
Personlege eigenskapar:
- Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og ser løysingar, ikkje problemer.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Mentor til nyutdanna lærarar
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Les du ennå så er det kanskje eit teikn på at du bør sende inn ein søknad. Kan love flotte, kreative, inspirerande, dyktige og engasjerte kollegar- og me er ei leiing som er tett på. Rektor er inne i sitt 2. år, på skulen og inspektør starta som inspektør i haust- bli med å forme Vikedal skule saman med oss, og søk då vel!
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
- Fylke: Rogaland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 04.01.2024
- Tiltreding: Snarast
- Arbeidsstad: Vikedal skule
Kontaktpersonar:
Bente Tednes Gjil
tlf: +47 41493230
Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/
Adresse:
Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal
Vindafjord kommune
Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.