Vindafjord kommune

Vikedal skule treng ny lærar!

Lærarstilling på Vikedal skule

 

Me søkjer:

Er DU den me leitar etter? Kanskje på tide å byte arbeidsplass? Lei av å pendla langt, eller kanskje du likar å køyre bil å koble av med ein god podcast eller lydbok? Me på Vikedal skule er på leit etter DEG som er utdanna lærar! 

Me kan tilby 100% fast stilling på Vikedal skule. Ein kan bli samde om kor det kan passa best å jobba, me er ein 1-10 skule, og me ser ut frå kva kompetanse du har kor det kan passa å jobba hjå oss. Dersom det er noko du lurar på er det berre å ta kontakt! I alle høve er du velkommen til å søkje, eller ta ein uforpliktande samtale. 

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde,  og me treng deg som brenn for dette arbeidet og som likar å jobba med barn og unge. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me søkjer etter lærar i totalt 100% stilling med kompetanse i blant anna fag som matematikk, musikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag. Andre fag kan også vera aktuelle. 

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre og ser løysingar. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen. 

Personlege eigenskapar:

  •  Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og ser løysingar, ikkje problemer. 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor til nyutdanna lærarar
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Les du ennå så er det kanskje eit teikn på at du bør sende inn ein søknad. Kan love flotte, kreative, inspirerande, dyktige og engasjerte kollegar- og me er ei leiing som er tett på. Rektor er inne i sitt 2. år, på skulen og inspektør starta som inspektør i haust- bli med å forme Vikedal skule saman med oss, og søk då vel!

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 
 

Søknadsfrist 04.01.2024

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Vikedal skule

 

Kontaktpersonar:

Bente Tednes Gjil

tlf: +47 41493230

 

Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/
Adresse: Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

 

Vindafjord kommune – Vikecal skule

Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Bente Tednes Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 414 93 230

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Januar 4, 2024