VBU2

Lærarstilling i realfag ved Vang barne- og ungdomsskule -100 % årsvikariat

 

 

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der eleven si læring og utvikling står i sentrum. Me har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Skulen har integrert SMART-oppvekst i sin skulekvardag. Me søkjer etter deg som er fagleg sterk og engasjert lærar, og som brenn for elevane si læring og trivsel!

Vi har no ledig eit årsvikariat som lærar i realfag med undervisning i matematikk og naturfag på ungdomssteget.

 

Kva kan me tilby?

  • To-lærar system i nesten alle fag/timar – to faglærte lærarar uavhengig av klassestorleik
    100 % dekning med kvalifiserte lærarar
  • Ein nyrenovert skule med stor fleirbrukshall (klatrevegg, basseng mm)
  • Arbeidsplass med flotte uteareal og tilgang til natur og friluftsliv frå dørstokken
  • Fokus på aktiv læring og bruk av naturen
  • Friluftsaktivitetar, oppleving og utflukter på alle trinn
  • Ei allsidig personalgruppe med svært godt arbeidsmiljø!
  • Fleire sosiale (frivillige) aktivitetar kvar veke etter skuletid
  • Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit svært bredt fagmiljø med lærarar, fagarbeidarar, pedagogar, helsesjukepleiar, spesialpedagogar, skulebibliotekar og vernepleiarar
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Me kan hjelpe til å ordne bustad
  • Løn etter tariff, og gode forsikrings – og pensjonsvilkår

Sjå artikkel om Vang barne- og ungdomsskule i Utdanningsnytt av 29.09.23: https://www.utdanningsnytt.no/barnehage-kvalifiserte-laerere/kvalifiserte-laerere-her-er-superkommunen/374717 

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. – 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 200 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter.

Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg.
Me ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.

 

Søknadsfrist: 07.11.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Lærarstilling ved Vang barne- og ungdomsskule – 100 % årsvikariat
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4873125567

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie elevens læring, individuelt og i team
  • Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
  • Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
  • Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

 

Kvalifikasjonar

  • Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
  • Undervisningskompetanse i matematikk og naturfag på ungdomssteget
  • Fordel med spesialpedagogisk vidareutdanning
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

 

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Fleksibel, positiv og løysingsorientert
  • Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • Eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
  • Tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande team
  • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.

 

Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Norge

 

 

k her

 

 

Kontaktinformasjon

Ola Erik Heen Moe
Rektor VBU
 Telefon:+47 91161741
E-post:ola.erik.heen.moe@vang.kommune.no

 

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

  • Ola Erik Heen Moe
  • Tittel: Rektor VBU
  • E-Post: ola.erik.heen.moe@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 91161741

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

November 7, 2024